Navigasjon
Navigasjon
Hjortejakt i Velledalen Storvald

Hjortejakta 2013


Informasjon til jegerane, ang. ekstradyr.

Ekstrakvote 2013.

I år har Velledalen storvald 46 løyver på ekstrakvoten. Desse dyra kan det jaktast på når ein kategori av tildelt kvote er felt.

Varsle storvaldet når de ynskjer å jakte på denne kvoten (99748995/ haavard[at]valderhaug.com).

Eldre han: 8 dyr - rest 6
Yngre han: 9 dyr - rest 6
Ho-dyr: 18 dyr - rest 14
Kalv: 11 dyr - rest 8






Hjortejakta 2012
Referat etter årsmøte i Velledalen storvald


· Det vert nye jakttider for hjortejakt f.o.m. jaktåret 2012. Den nye tida vert 1.september til 23.desember.
· Kjell P. Drotninghaug har fått dekt utgiftene i kurs som feltkontrollør av hjorteviltkjøt. Om nokon treng hjelp til å kontrollere slakt kan han kontaktast. Les meir om ordninga på: http://www.skogkurs.no/
· Det vart vedtatt ei endring i vedtektene når det gjeld dokumentering av retten til å bere våpen og jakte:
”Kopi av våpenkort, godkjend oppskyting skal inn til storvaldet for alle jegarar som jaktar i storvaldet. Jaktleiar har ansvar for dette”.
· Dei siste åra har skrapdyrkvoten blitt fylt fort opp.
For jaktåret 2012 vil vi som ei prøveordning gjere ei lita endring på
reglane for skrapdyr.
”Kalvar kan ikkje takast på skrapdyrkvoten før etter 31.okt.”
Vektgrensene er som før: Kalv 20 kg, kolle 38 kg, bukk 42 kg.
· Om nokon vil lese meir om hjorteforvaltning har direktoratet for naturforvaltning mykje god informasjon på sine nettsider: http://www.dirnat.no

Skodje 22.03.2012

Håvard Valderhaug

-leiar-




Diverse oppdateringar om hjortejakta:
Velledalen:
For heile kommunen:
Det gode liv

Nokre bilde frå jakta i Brunstaddalen laurdag og søndag.


I helga var vi ein heil gjeng som var på hjortejakt i Brunstaddalen, med overnatting på sætra. Kokken Asgeir diska opp med god mat laurdagskvelden og historiane satt laust. Søndag felte vi ei kolle. Vi såg ein del dyr laurdag, men dei lurte oss. Ei flott helg på sætra har det vore :)

Ådne Alf.





__________________________________________________________________________________________


Forrige oppdatering var 19 september, då var Hjortejakta knappast i gong, no er vi vel ein månad på gong og mykje har skjedd sidan sist.

I veke 38 vart det skote ei kolle på Velle og ein yngre bukk på Brunstad.

Veke 39 vart det skote tre kolle og ein eldre bukk på Velle, to koller og to kalvar på eit jag på Kølda på Brunstad. Dette kan du lese meir om på http://jaktidalen.blogg.no/.

Veke 40 viste seg med tendensar til månskin når det nærma seg helga og denne veka ramla det ei kolle på Velle, to koller på Brunstad og ein kalv, ei kolle og ein yngre bukk på La og Drotninghaug.

I veka som var var det fullmåne natt til onsdag og det har vore godt lys, det har blitt skote fleire dyr igjennom veka. Det kjem ei ny oppdatering søndags kveld/måndag morgon med denne vekas tal.


Per 9. oktober er fellingsresultatet i Velledalen slik:

Fet og Dravlaus: 3 kalvar, 2 koller, 1 eldre bukk.

Velle: 2 yngre bukkar, 1 eldre bukk, 5 koller

Brunstad: 4 kalvar, 3 kolle, 2 eldre bukkar, 1 yngre bukk.

Hole: 2 koller, 2 yngre bukkar, 1 eldre bukk (tolvtaggar 125kg)

Hjorthol og Brøvøll: 2 koller

La og Øggarn: 4 kalvar, 5 koller, 3 yngre bukkar

Myrdalen: 1 kolle og 1 eldre bukk.


 



_____________________________________________________________________________________________

Natt til laurdag 10. september startar det mange har venta lenge på. Etter lange veker med venting, innkjøp av nytt utstyr, prøving og justering, innskyting og oppskyting so er den endeleg her.
Frå laurdag av blir det stor aktivitet att og fram i dalen. Hjortejakta er i gong!
 
I Velledalen Storvald skal det fellast heile 111 hjort i perioden frå 10. september til lillejulaftan 23. desember.
Velledalen Storvald omfattar heile Velledalen. Storvaldet er igjen delt inn i desse jaktfelta:
 
Dravlaus heime
Dravlausstølen og sætremarka
Velle
Hjorthol og Brøvøll
La heime
Lastølen og sætremarka
Drotninghaug
Myrdalen
Hole
Brunstad
Fet heime
Fitjastølen og sætremarka
 
Jaktfelta får tildelt dyr etter størrelse i daa, og desse dyra er igjen fordelt på Eldre bukk, Yngre bukk, Kolle og Kalv.
 
Jegerane er alle i hovudsak frå Velledalen eller med tilknytning til Velledalen, og med eit breidt spekter i alder. I år har ein med heile tre karar unde 20 år, og ei taus!, som igjen har gjort at kvinneandelen har auka med 100%! Dei fire ungdomane er Gunnar Skogvold, Håkon Kjersheim Brunstad, Robin Urke Brunstad og Hege Urke Brunstad. Oss lyt ønskje dei lukke til!
 
I år har også storvaldet vedteke at det skal skytast inntil tre dyr som skal gå til grendahuset og lag på lag sin årlege hjortefest.
 
For dei som er ekstra interesserte og ønskjer og lese meir kan ein lese driftsplanen til storvaldet, samt sjå kva dyr som har vorte felt i tidlegare år i Velledalen. Det finnest detaljerte statistikkar frå 2009 og 2010. Samt ei oversikt over antall felte dyr frå 2005 til no:
 
 
Som ein kan sjå har det auka jamt og trutt, og lat oss håpe at det fortsette slik i 2011 også.
 
Som ein kan sjå har det auka jamt og trutt, og lat oss håpe at det fortsette slik i 2011 også.
 
Driftslplanen for storvaldet kan ein lese her : Driftsplan Velledalen Storvald
Fellingsrapport 2010
Fellingsrapport 2009
 
 
 
Siste nyhende
Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust
Kvardagar er det flest av, og då vi treng både dagleg brød og godt lag!
Les meir (03.09.2018)
INNKALLING TIL GENERALFORSAMLING i VIB
Onsdag 20.6.18 kl. 19:00
Les meir (05.06.2018)
Annonse

Annonse

Generalforsamling i Velledalen i Balanse
Måndag 4.6 kl. 19:00
Les meir (25.05.2018)
Generalforsamling Velledalen Montessoriskule AS
Tysdag 22.mai
Les meir (20.05.2018)
Kjære Velledaling: Kom mai, du skjønne milde!
Månaden med raudt, kvitt og blått er rett rundt hjørnet, og snart er vakre Velledalen kledd opp att i grønt! Og NærButikken er klar til å møte dine behov for kvardagsmat, festmat, is og drikke. Kva
Les meir (28.04.2018)
Jubileumskonsert
55 og 60 år
Les meir (28.04.2018)
Brøvøllsfestivalen 2018
E du klar?
Les meir (11.04.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 10. april
Les meir (06.04.2018)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Påskelotteri 2018
Vinnarane av korpset sitt påskelotteri
Les meir (24.03.2018)
Påsketreff med Blue Horn Jazzband
Velledalen Grendahus Tysdag 27. mars
Les meir (21.03.2018)
Foreining Velledalen Grendalag
Tysdag 20.mars kl.19.30
Les meir (19.03.2018)
Vann du?
Blide damerVinnarane på loddbøkene til Velledalen Grendalag
Les meir (19.03.2018)
Medlemsskriv VRF
Årmøte måndag 19.mars
Les meir (18.03.2018)
Kunstkafè
ElevarbeidVelledalen Montessoriskule inviterar til kunstkafè
Les meir (16.03.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Årsmøte V.R.F
Måndag 19.03 kl.19.00
Les meir (28.02.2018)
Velledalen Grendalag
Foreining og Basar
Les meir (25.02.2018)
Kjære Velledalen, det går likar no!
Desember vart ein sterk månad, særleg siste veka før jul. Takk til alle som gjorde så mykje av julehandelen på NærButikken!

Januar vart som vanleg meir moderat, men økonomien er heile tida under betring.

Dei foreløpige reknes...
Les meir (25.02.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 9. januar kl. 19.30
Les meir (05.01.2018)
Juledans 5. juledag
Det blir juledans på grendahuset!
Les meir (28.12.2017)
Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag
arkivfotoRomjulsmarsjen har tradisjon heilt tilbake til 1979 i Velledalen IL.
Les meir (23.12.2017)
Kjære Velledaling: Førjulstid i NærButikken!
I denne søte juletid, bør man seg rett fornøye… Slik begynner ein gammal julesalme. Det er også planen på butikken no framover!
Les meir (02.12.2017)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 28. november kl 19.30
Les meir (21.11.2017)
Basarbok-vinnarar
Førjulsmessa Velledalen 2017:
Les meir (21.11.2017)
Trekning av basarbøker
Straumshorn Juniorkorps & Velledalen Skulekorps
Les meir (17.11.2017)
Send handlelista di til Nærmat Velledalen!
Så er du ferdig handla når du kjem...
Les meir (30.10.2017)
Reinseanlegg for avløpsvatn
Informasjon angåande reinseanlegg for avløpsvatnfrå Velledalen Naturbarnehage
Les meir (29.10.2017)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Siste kommentarar





Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no