Navigasjon
Navigasjon
Velledalen Naturbarnehage

Velledalen Naturbarnehage SA er ein privateigd barnehage som starta opp i oktober 2009.  Barnehagen har i dag 47 plassar for barn i alderen 0-5 år.  Barnehagen ligg like ved Velledalen Montessoriskule AS, grendahus , symjehall og idrettsanlegg.

Barnehagen har 3 avdelingar:

·    Regndalen:                Barn mellom 1-2 år

·     Geita:                         Barn mellom 3-4 år

·     Råna (uteavdeling)   Barn mellom 4-5 år

 

I barnehagen får barna varm mat ein gong for veka.  Dei andre dagane i veka har vi smørjemåltid på barnehagen.  Vi nyttar og bålpanna og grillen til matlaging.   I tillegg har vi fruktmåltid på ettermddagen.   Barnehagen har kostpengar a kr. 250,- pr. mnd for full plass.

 

I tillegg tilbyr barnehagen bleieavtale og votteavtale.

 

Barnehagen nyttar desse pedagogiske verktøya i det daglege arbeidet:

 


«Snakkepakken året rundt»:

Frå barnehageåret 2012/2013 har barnehagen nytta språkstimuleringsverktøyet ”Snakkepakken året rundt” i staden for dei tradisjonelle periodeplanane.  Vi har kome inn på alle dei sju fokusområda i rammeplanen  gjennom ulike aktivitetar kvar månad.  Gjennom bruken av snakkepakken vil vi styrke språkferdigheiter hos barna uansett morsmål.  Ved å nyttegjere seg av dette pedagogiske hjelpemiddelet kan dei vaksne skape motivasjon og lystprega bruk av språket.  Barna får høve til deltaking på eit tidleg tidspunkt, og dei kan tileigne seg språket på ein morosam, variert og grundig måte.  Målet med bruken av «snakkepakken året rundt» er at barna skal forstå kva andre barn og vaksne seier, uttrykke seg sjølve og bruke ulike funksjonar av språket som til dømes å spørje, å fortelje og å informere.  I tillegg ynskjer ein at språket skal bli eit godt reiskap for tanken.

 

  Litt av innhaldet i Snakkepakken.

 


«Språkleiken BRAVO»:

I tillegg nyttar barnehagen språkleiken BRAVO på basane Regndalen og Geita.  Språleiken BRAVO er ein leik som du leikar saman med barna 10-15 min kvar dag.  Målet er å fremje språkforståinga og auke ordforrådet og samstundes gje barnet motoriske utfordringar og mestringsopplevingar saman med trygge vaksne.  Vi leikar BRAVO fordi vi veit at barn som lærer tidleg, lærer meir og raskare seinare i livet.  Ein slik ekstra tidleg og heilskapleg innsats kan førebygge lese- og skrivevanskar .

Vi leikar språkleiken BRAVO i barnehagen

(illustrasjonsfoto frå www.bravoleken.no )

 

Meir informasjon om språk leiken BRAVO finn du her:

www.bravoleken.no


«Mattekassa»:


Mattekassa gir barn høve til å utforske matematikk på ein spennande, leikprega og pedagogisk måte.  Den gir høve til mange  aktivitetar innan fagområdet tal, rom og form.  Materialet eignar seg godt til barn med spesielle behov og minoritetsspråklege barn.  Vil du vite meir kan du gå inn på: www.mediaped.no

 

«InPED»:

Aktivitetskort, samtalekort og spel innan fagområda i Rammeplanen.  InPed gir forslag til over 140 spennande aktivitetar med fagleg tyngde. 20 aktivitetskort til kvar av dei 7 fagområda.  Aktivitetskorta vert nytta av dei vaksne ved planlegging av aktivitetar knytta til tema og prosjekt mm.  Samtalekort, spel og aktivitetskort medfører bevisstgjering og refleksjon gjennom konkret og tydeleg praksis.

                 

 

Etter gjennomført aktivitet kan personalet nytte baksida av korta som utgangspunkt for vurdering av det pedagogiske innhaldet og refleksjon rundt eigen praksis.  Bruken av korta kan og nyttast som dokumentasjon av det pedagogiske innhaldet i barnehagen overfor dykk som foreldre.  De finn meir informasjon her: www.inped.no

 

IPAD:

Barnehagen har gjennom minoritetsspråklege midlar og prosjekt i Sykkylven kommune kjøpt inn 3 Stk Ipad.  Vi har fellesinnkjøp av appar til bruk i barnehagane i Sykkylven.  Ipad vert og nytta ved laging av animasjonsfilmar i barnehagen.

 

Her er nokre av appane som barnehagen nyttar:

 

Førskulegruppe:

I år har vi ei førskulegruppe på 10 barn.  Vi legg vekt på skuleførebuande oppgåver som begrepstrening (Nyborgmodellen), konsentrasjon og ikkje minst sosial utvikling.  Dette møter barna att når dei byrjar i 1. klasse.

 

Språk og kommunikasjon:  Begrepslære , lydar / bokstavar, eventyr, rim, regler og rytme, fortelje og lytte til andre.

Matematikk:  Begrepslæring, mengde, form og tal.

Sosial kompetanse:  Empati, konsentrasjon, vente på tur, følgje reglar og ta i mot beskjedar.

Motoriske ferdigheiter:   Rørslekjensle, romkjensle, finmotorikk (hand-auge) og grovmotorikk (hoppe, springe, krype, klatre og åle).

 

Litt av konkreta i Nyborgmodell-kofferten .



Våren 2013 starta vi eit nytt førskuleopplegg for barna som byrjar ved Velledalen Montessoriskule AS.  Ein dag i veka  i 10 veker frå kl. 09.30-11.00 er førskulebarna saman med barna på Gruppe 1 ved skulen.  Då vert dei kjende med lærarar og elevar som dei møter i august.  I tillegg vert barna kjende med montessoripedagogikken.

Evalueringa så langt tyder på at dette er noko Velledalen Montessoriskule AS vil halde fram med.  Både barn, foreldre, personale ved barnehagen og skulen er nøgde med dette opplegget.

 

Våren 2015 vil førskulebarna på barnehagen vere rosaruss for 4. gong.  Dette har blitt ein kjekk tradisjon for førskulebarna på barnehagen, og vi har fått god kontakt med raudrussen i kommuna.  Barna får dåpsattest, rosa t-skjorter og rosa russehuer, i tillegg til at dei sjølvsagt har eigne knutereglar for rosarussen.  Dette har blitt ein kjekk tradisjon som både barn, vaksne og raudrussar set pris på.

 

Rosarussen og raudrussen våren 2014

 

 

Tilsette ved barnehagen 2014/2015:


Torild Hole, dagleg leiar

Renate Skjortnes, pedagogisk leiar

Anita Mosby Nakken, pedagogisk leiar

Carola Herrmann, pedagogisk leiar

Hege Utgård, fagarbeidar barne- og ungdomsarbeid

Kari Bente Bjørkavåg, fagarbeidar barne- og ungdomsarbeid

Marianne Strømme, fagarbeidar barne- og ungdomsarbeid

Lene Hjellegjerde, fagarbeidar barne- og ungdomsarbeid

Linda Kristin Øye, assistent

Renathe Oldeide, assistent

Liv Rusten, styrkingsassistent

 

Styret ved Velledalen Naturbarnehage SA 2014/2015:


Lidvar-Andre Nilsen, styreleiar                   tlf.   926 20 260

Jorun Landfastøyen Rausand, nestleiar      tlf.   915 66 159

Lene Hjellegjerde, styremedlem                 tlf.   984 40 831

Cecilie Hole, styremedlem                            tlf.   993 88 136

Lars Even Hatlemark, styremedlem           tlf.   412 27 682

 

 

 

 

Kontakt:


Dagleg leiar:                                      478 13 001

Velledalen Naturbarnehage avd:   455 17 817

 

E-post:  styrar@velledalen-naturbarnehage.no

 

Adresse:

Vallavegen 251,

6220 Straumgjerde.

 

 

Siste nyhende
Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust
Kvardagar er det flest av, og då vi treng både dagleg brød og godt lag!
Les meir (03.09.2018)
INNKALLING TIL GENERALFORSAMLING i VIB
Onsdag 20.6.18 kl. 19:00
Les meir (05.06.2018)
Annonse

Annonse

Generalforsamling i Velledalen i Balanse
Måndag 4.6 kl. 19:00
Les meir (25.05.2018)
Generalforsamling Velledalen Montessoriskule AS
Tysdag 22.mai
Les meir (20.05.2018)
Kjære Velledaling: Kom mai, du skjønne milde!
Månaden med raudt, kvitt og blått er rett rundt hjørnet, og snart er vakre Velledalen kledd opp att i grønt! Og NærButikken er klar til å møte dine behov for kvardagsmat, festmat, is og drikke. Kva
Les meir (28.04.2018)
Jubileumskonsert
55 og 60 år
Les meir (28.04.2018)
Brøvøllsfestivalen 2018
E du klar?
Les meir (11.04.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 10. april
Les meir (06.04.2018)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Påskelotteri 2018
Vinnarane av korpset sitt påskelotteri
Les meir (24.03.2018)
Påsketreff med Blue Horn Jazzband
Velledalen Grendahus Tysdag 27. mars
Les meir (21.03.2018)
Foreining Velledalen Grendalag
Tysdag 20.mars kl.19.30
Les meir (19.03.2018)
Vann du?
Blide damerVinnarane på loddbøkene til Velledalen Grendalag
Les meir (19.03.2018)
Medlemsskriv VRF
Årmøte måndag 19.mars
Les meir (18.03.2018)
Kunstkafè
ElevarbeidVelledalen Montessoriskule inviterar til kunstkafè
Les meir (16.03.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Årsmøte V.R.F
Måndag 19.03 kl.19.00
Les meir (28.02.2018)
Velledalen Grendalag
Foreining og Basar
Les meir (25.02.2018)
Kjære Velledalen, det går likar no!
Desember vart ein sterk månad, særleg siste veka før jul. Takk til alle som gjorde så mykje av julehandelen på NærButikken!

Januar vart som vanleg meir moderat, men økonomien er heile tida under betring.

Dei foreløpige reknes...
Les meir (25.02.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 9. januar kl. 19.30
Les meir (05.01.2018)
Juledans 5. juledag
Det blir juledans på grendahuset!
Les meir (28.12.2017)
Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag
arkivfotoRomjulsmarsjen har tradisjon heilt tilbake til 1979 i Velledalen IL.
Les meir (23.12.2017)
Kjære Velledaling: Førjulstid i NærButikken!
I denne søte juletid, bør man seg rett fornøye… Slik begynner ein gammal julesalme. Det er også planen på butikken no framover!
Les meir (02.12.2017)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 28. november kl 19.30
Les meir (21.11.2017)
Basarbok-vinnarar
Førjulsmessa Velledalen 2017:
Les meir (21.11.2017)
Trekning av basarbøker
Straumshorn Juniorkorps & Velledalen Skulekorps
Les meir (17.11.2017)
Send handlelista di til Nærmat Velledalen!
Så er du ferdig handla når du kjem...
Les meir (30.10.2017)
Reinseanlegg for avløpsvatn
Informasjon angåande reinseanlegg for avløpsvatnfrå Velledalen Naturbarnehage
Les meir (29.10.2017)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Siste kommentarar





Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no