Navigasjon
Navigasjon
Kjære Velledaling!

Nei vi skrur ikkje av lyset!  

I løpet av september må styret i NærButikken / Velledalen i Balanse AS ta ei viktig avgjerd, saman med deg som bur i Velledalen: Vi skal anten sørgje for at butikken vår kjem over i pluss, eller gå inn for ei styrt avvikling.

Blir butikken avvikla og lyset slått av, vil vi gå ein tung vinter i møte. Ikkje berre vil avstanden til næraste meieri- brød- og frysedisk bli mangedobla, men arbeidsplassar går tapt, og den einaste daglege møteplassen i dalen blir borte. Og lang erfaring slår fast at ein oppstart seinare vil krevje heilt ekstrem innsats.

Er det krise?

Ei avvikling av NærButikken vil skape negative ringverknader også for velledalingar som sjeldan handlar i butikken. Difor dette brevet til deg i dag. Ja, det manglar om lag 200.000 på kontoen til at vareleverandørane kan få betalt ved forfall. Innan oktober er vi nøydd til å løyse dette, for å halde oppe vareutvalet og unngå varestans.  

Kva har skjedd?

Kort fortalt: Nokre uhell i sommar som havari av frysediskar, saman med ein liten nedgang i omsetninga, har senka likviditeten. Når dette så fører til ringare vareutval, følgjest dette i neste omgang av færre kundar og mindre handel.

Kva gjer vi?

Styret har tilsett ny dagleg leiar, og Henning Tandstad tek til denne veka: Gje han ein varm velkomst! Styret arbeider med å skaffe meir kreditt og fleire skilt for å gjere butikken kjend. Men hovedsaka er at du kan bidra:

·          Gjer meir av dine daglegvareinnkjøp i NærButikken

·          Ver ein aktiv kunde og sei di ærlege meining om butikk og vareutval til styret og betjeninga!

·          Bli med på ein dugnad fram til nyttår med å innbetale på forskot 5.000 kr eller meir, som du deretter handlar for og betaler inn att på nytt når summen er oppbrukt! Om 20 personar gjer slik, er sjansen stor for at banken kan yte nye 100.000 i kreditt. Så lett løyser vi ei akutt krise!

 

Det er no vi har sjansen til å sikre livskvalitet  i dalen!

 

Beste helsing styret i Velledalen i Balanse AS

Nils Sigurd Drabløs, Anita Kjersheim, Odd Kåre Fet, Grete Iren Moen, Håkon Fedt

Annlaug Grebstad og Oddbjørn Brunstad (vara)



Publisert: Torsdag 14. September 2017 Kl. 18:32

Siste nyhende
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
2.mai , - ny dato pga av kollisjon med årsmøte i Velledalen Naturbarnehage SA
Les meir (27.02.2019)
Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust
Kvardagar er det flest av, og då vi treng både dagleg brød og godt lag!
Les meir (03.09.2018)
Annonse

Annonse

INNKALLING TIL GENERALFORSAMLING i VIB
Onsdag 20.6.18 kl. 19:00
Les meir (05.06.2018)
Generalforsamling i Velledalen i Balanse
Måndag 4.6 kl. 19:00
Les meir (25.05.2018)
Generalforsamling Velledalen Montessoriskule AS
Tysdag 22.mai
Les meir (20.05.2018)
Kjære Velledaling: Kom mai, du skjønne milde!
Månaden med raudt, kvitt og blått er rett rundt hjørnet, og snart er vakre Velledalen kledd opp att i grønt! Og NærButikken er klar til å møte dine behov for kvardagsmat, festmat, is og drikke. Kva
Les meir (28.04.2018)
Jubileumskonsert
55 og 60 år
Les meir (28.04.2018)
Brøvøllsfestivalen 2018
E du klar?
Les meir (11.04.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 10. april
Les meir (06.04.2018)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Påskelotteri 2018
Vinnarane av korpset sitt påskelotteri
Les meir (24.03.2018)
Påsketreff med Blue Horn Jazzband
Velledalen Grendahus Tysdag 27. mars
Les meir (21.03.2018)
Foreining Velledalen Grendalag
Tysdag 20.mars kl.19.30
Les meir (19.03.2018)
Vann du?
Blide damerVinnarane på loddbøkene til Velledalen Grendalag
Les meir (19.03.2018)
Medlemsskriv VRF
Årmøte måndag 19.mars
Les meir (18.03.2018)
Kunstkafè
ElevarbeidVelledalen Montessoriskule inviterar til kunstkafè
Les meir (16.03.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Årsmøte V.R.F
Måndag 19.03 kl.19.00
Les meir (28.02.2018)
Velledalen Grendalag
Foreining og Basar
Les meir (25.02.2018)
Kjære Velledalen, det går likar no!
Desember vart ein sterk månad, særleg siste veka før jul. Takk til alle som gjorde så mykje av julehandelen på NærButikken!

Januar vart som vanleg meir moderat, men økonomien er heile tida under betring.

Dei foreløpige reknes...
Les meir (25.02.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 9. januar kl. 19.30
Les meir (05.01.2018)
Juledans 5. juledag
Det blir juledans på grendahuset!
Les meir (28.12.2017)
Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag
arkivfotoRomjulsmarsjen har tradisjon heilt tilbake til 1979 i Velledalen IL.
Les meir (23.12.2017)
Kjære Velledaling: Førjulstid i NærButikken!
I denne søte juletid, bør man seg rett fornøye… Slik begynner ein gammal julesalme. Det er også planen på butikken no framover!
Les meir (02.12.2017)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 28. november kl 19.30
Les meir (21.11.2017)
Basarbok-vinnarar
Førjulsmessa Velledalen 2017:
Les meir (21.11.2017)
Trekning av basarbøker
Straumshorn Juniorkorps & Velledalen Skulekorps
Les meir (17.11.2017)
Send handlelista di til Nærmat Velledalen!
Så er du ferdig handla når du kjem...
Les meir (30.10.2017)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Siste kommentarar





Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no