Navigasjon
Navigasjon
Kjære Velledaling: Grunn til å feire!

Det er ein optimistisk gjeng som møter deg bak kassa i butikken. Det har du sikkert lagt merke til også, og med god grunn.

Når eit 30-tals trufaste kundar betaler inn 5.000-10.000 kr på forskot, gjer det ein stor forskjell. Det meste av forfalte fakturaer er betalt, og du vil finne godt vareutval i hyllene. Dernest er omsetninga på veg oppover. Betjeninga melder om dagar med stor aktivitet og mange oppmuntrande og blide kundar.  Det vi har opplevt siste månaden er rett og slett kjekt og over forventning! Takk skal du ha for dine bidrag som kunde så langt!  Heilt i mål kjem vi kanskje aldri, og butikken har framleis for stor gjeld som vil ta tid å arbeide seg ut av. Du vil difor straks få eit par nye utfordringar.

Men no tek vi oss litt tid til å feire litt!   Førstkomande laurdag er den årlege «handle-heime-dagen». Då vil du frå kafekroken mellom klokka 12 og 16 kjenne lukta av kaffi og nysteikte vafler. –Legg laurdagshandelen til nærbutikken og ta deg tid til ei koseleg stund med gratis kaffi og vafler!

Og så nokre nye utfordringar:

·          PANT GRATIS I VELLEDALEN! Utanfor butikken er containerar for glas og metall til resirkulering.  No kan du også levere panteboksar og  –flasker gratis! I staden for å køyre 1-2 mil for å bruke ein pante-automat, kan du levere ein samla sekk til NærButikken.  Du sparer tid og heft og butikken tek arbeidet og fortenesta på ein hundrelapp eller så. Det er faktisk vinn-vinn for alle!

·          Besøk NærButikken også på Facebook!  Har du Facebook-konto, kan du leite opp butikken og trykke «Lik». Då vil du sjå aktiviteten. Sjølv utan Facebook-konto kan du få eit gløtt innom dersom du søkjer via Google.

·          Gjer som mange allereie har gjort: Fyll opp att handlekontoen din når det nærmar seg tomt!  Du slepp å plundre med kort og vekslepengar, og butikken får låne pengane dine nokre veker. Bankrente får du ikkje likevel, men butikken sparer store summar!

·          Del dine gode idear og forslag til forbedringstiltak med betjeninga eller nokon i styret!

 

Beste helsing styret i Velledalen i Balanse AS

Nils Sigurd Drabløs, Anita Kjersheim, Odd Kåre Fet, Håkon Fedt.                                         Annlaug Grebstad og Oddbjørn Brunstad ( vara)



Publisert: Torsdag 19. Oktober 2017 Kl. 20:39

Siste nyhende
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
2.mai , - ny dato pga av kollisjon med årsmøte i Velledalen Naturbarnehage SA
Les meir (27.02.2019)
Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust
Kvardagar er det flest av, og då vi treng både dagleg brød og godt lag!
Les meir (03.09.2018)
Annonse

Annonse

INNKALLING TIL GENERALFORSAMLING i VIB
Onsdag 20.6.18 kl. 19:00
Les meir (05.06.2018)
Generalforsamling i Velledalen i Balanse
Måndag 4.6 kl. 19:00
Les meir (25.05.2018)
Generalforsamling Velledalen Montessoriskule AS
Tysdag 22.mai
Les meir (20.05.2018)
Kjære Velledaling: Kom mai, du skjønne milde!
Månaden med raudt, kvitt og blått er rett rundt hjørnet, og snart er vakre Velledalen kledd opp att i grønt! Og NærButikken er klar til å møte dine behov for kvardagsmat, festmat, is og drikke. Kva
Les meir (28.04.2018)
Jubileumskonsert
55 og 60 år
Les meir (28.04.2018)
Brøvøllsfestivalen 2018
E du klar?
Les meir (11.04.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 10. april
Les meir (06.04.2018)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Påskelotteri 2018
Vinnarane av korpset sitt påskelotteri
Les meir (24.03.2018)
Påsketreff med Blue Horn Jazzband
Velledalen Grendahus Tysdag 27. mars
Les meir (21.03.2018)
Foreining Velledalen Grendalag
Tysdag 20.mars kl.19.30
Les meir (19.03.2018)
Vann du?
Blide damerVinnarane på loddbøkene til Velledalen Grendalag
Les meir (19.03.2018)
Medlemsskriv VRF
Årmøte måndag 19.mars
Les meir (18.03.2018)
Kunstkafè
ElevarbeidVelledalen Montessoriskule inviterar til kunstkafè
Les meir (16.03.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Årsmøte V.R.F
Måndag 19.03 kl.19.00
Les meir (28.02.2018)
Velledalen Grendalag
Foreining og Basar
Les meir (25.02.2018)
Kjære Velledalen, det går likar no!
Desember vart ein sterk månad, særleg siste veka før jul. Takk til alle som gjorde så mykje av julehandelen på NærButikken!

Januar vart som vanleg meir moderat, men økonomien er heile tida under betring.

Dei foreløpige reknes...
Les meir (25.02.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 9. januar kl. 19.30
Les meir (05.01.2018)
Juledans 5. juledag
Det blir juledans på grendahuset!
Les meir (28.12.2017)
Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag
arkivfotoRomjulsmarsjen har tradisjon heilt tilbake til 1979 i Velledalen IL.
Les meir (23.12.2017)
Kjære Velledaling: Førjulstid i NærButikken!
I denne søte juletid, bør man seg rett fornøye… Slik begynner ein gammal julesalme. Det er også planen på butikken no framover!
Les meir (02.12.2017)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 28. november kl 19.30
Les meir (21.11.2017)
Basarbok-vinnarar
Førjulsmessa Velledalen 2017:
Les meir (21.11.2017)
Trekning av basarbøker
Straumshorn Juniorkorps & Velledalen Skulekorps
Les meir (17.11.2017)
Send handlelista di til Nærmat Velledalen!
Så er du ferdig handla når du kjem...
Les meir (30.10.2017)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Siste kommentarar





Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no