Navigasjon
Navigasjon
Reinseanlegg for avløpsvatn
REINSEANLEGG FOR AVLØPSVATN VELLEDALEN GRENDAHUS/SYMJEHALL OG VELLEDALEN
MONTESSORISKULE, SAMT ANDRE TEMA.

Renseanlegg for avløpsvatn Velledalen Grendahus/Symjehall og Velledalen Montessoriskule, samt andre tema - Hovudbrev.

Vedlegg 1- 4 - Brev/Møtereferat Kommune.

Vedlegg 5 - Stiftelsesdokument og Vedtekter

Vedlegg 6 - Presentasjon Gjensidigestiftelsen

Vedlegg 7 - Avtale mellom Velledalen Naturbarnehage og Velledalen Montessoriskule

Hovudbrevet er gjengitt under. 

I brev datert 09.08.17 vart Velledalen Naturbarnehage SA orientert om prosjekt reinseanlegg for
avløpsvatn (vedlegg nr. 1). Barnehagen fekk tilsendt ei skisse for muleg plassering av avløpsanlegg på
Gnr. 26/68 som er barnehagen sin eigedom. I brevet vart det skissert oppstart på prosjektet i
september/oktober 2017.
Sykkylven kommune bad i brevet om merknader frå grunneigar, og dei ønskte også eit møte med
leiinga i barnehagen i byrjinga av september.
Saka vart drøfta på styremøte i Velledalen Naturbarnehage SA 22.08.17, og på bakgrunn av tidlegare
planar for området vart merknader meldt inn til kommunen sin sakshandsamar. Møtet mellom
partane vart halde 12.09.17 i kjellarsalen ved LL Velledalen Grendahus. Her møtte Jon Hjortdal
(styreleiar Velledalen Montessoriskule AS), Kristin Grebstad (rektor Velledalen Montessoriskule AS og
styreleiar i LL Velledalen Grendahus), Petter Velle( prosjektleiar og nestleiar i LL Velledalen
Grendahus), Lidvar-Andre Nilsen (styreleiar i Velledalen Naturbarnehage SA), Torild Hole (dagleg leiar
Velledalen Naturbarnehage SA) og Karl Johan Stadsnes (rådgjevar miljø og landbruk, Sykkylven
kommune).

Bygget vart skissert til om lag 40-50 m2, og anlegget må ha heilårstilkomst, då det krevst tilsyn med
anlegget minimum 6 gongar pr. år. Dette kom ikkje fram av tilsendt skisse og brev datert 09.08.17.
Barnehagen kom med sine innspel ut i frå planar som barnehagen har arbeidd med. Barnehagen har
dårlege parkeringstilhøve for tilsette og foreldre. I dag vert stripa frå Kråmyrabygget og bort til
ladestasjonen og frå skogkanten og opp langs elva mot Brunstadskulen nytta til parkering for tilsette.
Foreldra parkerer stort sett framfor grendahuset. Vi har difor sett på mulegheita for å rydde vidare
ned langs elva og opparbeide parkeringsareal for barnehagen her på dagtid og til allmenta på
kveldstid og i helgar. I samband med utbygging av sykkelvegar og bygging av grillhytte har det vore
ønskjeleg med ein utedo på området. For barnehagen verka det som ein god ide å få knytt dette til
avløpsanlegget. Toalettet var tenkt nytta av barnehage/skule på dagtid og av andre brukarar av
området på kveldstid og helgar. Drift av toalett hadde barnehagen tenkt å følgje opp, utan at dette
vart presisert i møtet. Vi veit at mange nyttar leikeområdet til barnehagen på kveldstid og i helgar. I
tillegg nyttar idrettslaget området til Minikonrad, idrettsskule og orientering. Vår tanke var at dette
kunne bidra til fellesskapet og gjere området endå meir attraktivt. Det vart lausleg drøfta kva
konsekvensar dette ville kunne få for prosjektet økonomisk, men sidan ingen tal låg føre var dette
vanskeleg å ta stilling til. Rådgjevar for miljø og landbruk refererte frå møtet.
Referat frå møtet vart motteke 13.09.17 (Vedlegg nr. 2). Våre merknader til tiltaket kom her fram,
samstundes som det og kom fram at vi var positive til etablering av avløpsanlegg på Gnr 26/68. Vi såg
på punktet «Vidare tiltak-avtalar» som eit utgangspunkt for å kome vidare i prosjekteringsfasen, og
at ein i vidare prosjektering skulle innarbeide kostnader til 6 parkeringsplassar og toalett knytt til
avløpsanlegget. Slik vi las referatet og tolka møtet skulle vi ha nytt møte når prosjekteringa var ferdig
og vi kjente til kostnadane med tiltaka. Dette ville då vere eit grunnlag for vidare forhandlingar om
kostnadsdekking.

18.09.17 fekk barnehagen eit brev frå LL Velledalen Grendahus v. Petter Velle og Kristin Grebstad ,
samt Velledalen Montessoriskule v. Jon Hjortdal, med deira tolkingar av møtet og notatet frå møtet
12.09.17 (Vedlegg nr. 3). For å få ei objektiv tolking av skule og grendahus sitt tilsvar til kommunen
sitt notat, kontakta barnehagen jurist i saka. Dette var for å sikre at vi ikkje tolka signala frå skule og
grendahus alt for negativt. Advokat Garman påpeikar at det ikkje går klart fram kva skule og
grendahus faktisk meiner. Tolka positivt er signala frå skule og grendahus slik å forstå at dei ønskjer
ei klarlegging av kostnadane før ein inngår ein endeleg avtale. Denne oppfatninga vil ikkje vere
urimeleg og heller ikkje stå i konflikt til korleis barnehagen såg føre seg at prosjektering og vidare
forhandlingar kunne gå føre seg. I verste fall kunne brevet tolkast slik at LL Velledalen Grendahus og
Velledalen Montessoriskule AS ikkje er innstilt på å yte noko kompenserande tiltak i samband med
bruken av barnehagen sin grunn.

Ut frå desse signala sende barnehagen eit motsvar til LL Velledalen Grendahus , Velledalen
Montessoriskule og Sykkylven kommune. I etterkant tek vi sjølvkritikk på at vi i det skrivne ord skulle
vore meir open for forhandlingar (vedlegg nr. 4). Kva hadde vore haldninga til utbyggjarane dersom
området allereide var opparbeidd til parkering? Kven skulle då bere kostnader med tilstelling igjen?
På grunn av heilårstilkomsten må utbyggjar likevel gjere ein del av arbeidet som parkering krev.
Kostnadsoverslag i prosjekteringa ville synt kor mykje som vart ekstra kostnader i høve parkeringa og
toalettet.

På halvårsmøte til LL Velledalen Grendahus og i deira halvårsrapport vert det informert om planane
for avløpsanlegg og avholdt møte med barnehagen 12.09.17. Aina Holmberg får i oppgåve å kalle inn
stiftingslaga til barnehagen for å mekle mellom partane. På initiativ frå styreleiar Ove Skylstad i
Velledalen IL vert det oppfordra til å kalle inn barnehagen slik at dei får legge fram sitt syn i saka,
sidan både Velledalen Montessoriskule og LL Velledalen Grendahus har fått lagt fram sine syn overfor
stiftingslaga. Frå barnehagen er styreleiar Lidvar-Andre Nilsen og styremedlem Lars Even Hatlemark
kalla inn til møte 10.10.17. Elles møtte Jan Ove Skogvold og Petter Velle for LL Velledalen Grendahus,
Ove Skylstad for Velledalen IL, Odd Kåre Fet for Velledalen i Balanse AS (kontrollutvalet i LL
Velledalen Grendahus), Kristin Grebstad for VRF ( styreleiar i LL Velledalen Grendahus og rektor ved
Velledalen Montessoriskule), Gunnar Skogvold for Velledalen Ungdomslag , Jon Hjortdal for
Velledalen Skulekorps ( styreleiar for Velledalen Montessoriskule AS) og Aina Holmberg for
Velledalen Skulekorps (B-lut eigar LL Velledalen Grendahus)
Aina Holmberg og Jon Hjortdal opna møtet og skisserte bakgrunnen for møtet. Det vart presisert frå
Jon Hjortdal at krava frå barnehagen var uspiselege for grendahuset og skulen.
Lidvar-Andre Nilsen fekk så ta fatt på si orientering om barnehagen sine planar og intensjonar for
bruken av området ned mot elva.
I ordskiftet etter orienteringa til styreleiar Lidvar-Andre Nilsen kom det fram mange synspunkt
vedrørande barnehagen si drift og framferd i dalen og overfor felleskapet. Det vart blant anna hevda
at barnehagen har sugerør ned i fellesskapet si kasse. Vi vil svare på noko av det som kom fram på
møtet.

Stiftingsdokument/stiftingsprotokoll:
I møtet kom det fram mange udokumenterte påstandar vedr. Gnr 26/68 og korleis ting hadde gått
føre seg under stiftinga av barnehagen. Odd Kåre Fet opplyste i møtet den 10.10.17 at det på
stiftingsmøtet vart lova at arealet ned mot elva skulle vere eit fellesareal der til dømes ballbinge
kunne etablerast. Dette var spesielt viktig for VRF og deira representant Jenny Sylvi Strøm, som var
skeptiske til å vere med å stifte barnehagen i Velledalen.Det går ikkje fram av stiftingsdokument og
stiftingsprotokoll nokon slike lovnader med omsyn til dette arealet (vedlegg nr. 5).

Heimelshavar Gnr.26/68:
Av skøyte og martrikkelbrev går det fram at Velledalen Naturbarnehage SA er eigar av Gnr 26/68.
Skøyte og martrikkelbrev er reint. Det står ingen heftingar med omsyn til kva området kan nyttast til.
Barnehagen har gått gjennom styreprotokollar frå 2009 og fram til i dag. Eigedomen vart tinglyst
26.05.2010 og det vart betalt kr. 280.000 + kr. 10.000 (renter) til Ole Jacob Velle og Vidar Velle.
Beløpet er betalt av Velledalen Naturbarnehage SA i sin heilskap. Protokollane viser at oppfatninga i
styret er at denne eigedomen er eigd av barnehagen og kan disponerast av barnehagen slik dei
ønskjer. I sak 3 frå styremøtet 30.05.2010 varslar styremedlem Petter Velle at det kjem sak frå
Velledalen i Balanse AS vedrørande omdisponering av delar av barnehagetomta til ny skule for
Velledalen privatskule AS. Saka vart handsama på påfølgjande styremøte. Det omdisponerte arealet
skulle nyttast til ny skule dersom Velledalen privatskule AS ikkje fekk kjøpe gamle Velledalen Skule.
Vedtaket om omdisponering fall vekk då Velledalen privatskule AS fekk kjøpe Velledalen Skule og
Velledalen grusbane for kr. 50.000, - frå Sykkylven kommune.
I 2013 vart det arbeidd intenst med prosjekt Dalaråsa. Omgrepet Velledalen Kulturpark vart
introdusert. I samband med søknad om midlar til prosjektet frå Gjensidige stiftinga vart det utarbeidd
eit prospekt for området, der barnehagen sitt område vart kalla eit utviklingsområde. På møtet der
ein skulle arbeide fram prospektet for søknad av midlar vart mange tiltak skissert. Ingen av desse
tiltaka er gjennomført. Prosjektet fekk heller ikkje midlar frå Gjensidige Stiftinga. ( Vedlegg nr. 6)
I 2014 fekk Velledalen Naturbarnehage tilsagn om kr. 180.000,- til bruprosjekt over elva. Desse
midlane måtte vi takke nei til, på grunn av at vi fekk problem med å lande brua på motsett side av
elva. Ingen av grunneigarane på motsett side av elva ønskte å gi grunn til brua. Torgeir Vigstad fekk
utbetalt etter rekning for det arbeidet han hadde utført vedrørande prosjektering av bru.
Det kom og fram kritikk for at skulen ikkje kan nytte området til barnehagen utan etter avtale. Skule
og barnehage gjekk 24.02.2014 inn ein avtale vedrørande bruk av område (vedlegg nr. 7). Avtalen
gjeld i 3 år, dvs gjekk ut i feb. 2017. Vedrørande punkt 1, så gjekk dette ut på grunn av at det viste
seg at barnehagen eigde meir areal enn først innegjerda mot skulen. Gjerdet er flytta til
eigedomsgrensa vår. Elles har det vore lite spørsmål frå Velledalen Montessoriskule AS si side om
bruk av området, og barnehagen har alltid vore positive ved spørsmål om bruk. For bruk/lån av
grillhytta har barnehagen gjort vedtak om ein symbolsk leigesum for alle brukarar utanom
barnehagen. Summen er pr. i dag på kr. 500,- for foreldre/tilsette ved barnehagen og kr. 1.000- for
andre leigetakarar. Til bursdagsfeiringar tek barnehagen kr. 300,- i leige for barnehagen/
barnehagens uteområde for foreldre/tilsette og for andre leigetakarar kr. 500,-.
Det har elles vore planar om at vi kunne ha dyr på lån frå gardbrukarar på den nederste marka. Andre
planar for området har vore oppsetting av fjøs for eige dyrehald. Når det gjeld dyrehald har vi landa
på hønsehald og kanin. Dei andre tiltaka har blitt lagt vekk til fordel for andre tiltak.
Barnehagen har for eigne oppsparte midlar investert i grillhytte til ein totalkostnad på kring 175.000,-
og ein om lag 350 m lang hjerteforma sykkelveg. Investeringar hittil gjort på området beløper seg til
vel kr. 500.000,-. Totale investeringar på området nærmar seg kr. 1.000.000,-
Barnehagen har årlege kostnader til slåing og stell av området på om lag kr. 15.000,-
På området finst og ein åker, og det er planta frukt og bærtre, i tillegg til fleire pallekarmar til
grønsaker. Åkerlappen deler vi med Velledalen Montessoriskule. Her vert det samarbeida om
opparbeiding av åkeren. Skulen nyttar sjølvsagt åkerlappen vederlagsfritt (jmfr punkt 3 i avtalen
mellom skule og barnehage, vedlegg nr.7).
Barnehage og skule må evt framforhandle ein ny avtale for bruken av området.

Vegrett for Velledalen naturbarnehage SA:
Petter Velle reiste spørsmålet om kvar barnehagen har vegrett, både i møte den 12.09.17 og på
møtet den 10.10.17. Barnehagen har sjekka dette med både Sykkylven kommune, grunneigar
Gunnar Velle og advokat. Gjennom framfesteavtalen med Sykkylven kommune har Velledalen
Naturbarnehage SA same vegretten som Sykkylven kommune og LL Velledalen Grendahus har
gjennom sin festeavtale frå 1979. Gunnar Velle er klar på at Velledalen Naturbarnehage SA har
vegrett til sin eigedom ned forbi gamle Brunstadskulen, dvs den vegen som i dag vert nytta som
tilkomstveg.

Uteområde skule/barnehage:
03.01.2014 skreiv barnehage og skule brev til VRF vedrørande vedlikehald av lysmaster på grusbana
og inne på barnehagen sitt innegjerda område. I etterkant av brevet vart det halde møte mellom
Velledalen Montessoriskule, Velledalen Naturbarnehage SA, VRF, Velledalen IL og Velledalen
Grendahus. Det vart skissert ein vedlikehaldsavtale og at det burde vere jamnleg sjekk av mastene. I
møtet vart det og skissert korleis kostnadsfordelinga skulle vere. Barnehagen kan ikkje sjå at denne
avtalen er følgd opp av nokon av partane. Truleg bør lyskastarane igjen sjekkast, og avtale om
kostnadsfordeling bør leggast fram snarleg. Vi bed om at VRF som eigar av mastene tek tak i saka på
nytt og eventuelt kallar inn partane, slik at lyskastarane ikkje vert til fare for barna ved skule og
barnehage på grunn av dårleg vedlikehald.
Ved oppstart av barnehagen i oktober 2009 vart eit område skritta opp og innegjerda. Petter Velle
skulle måle opp og få omdisponert innegjerda område av grusbana til leikeareal for barnehagen.
Barnehagen har fått målt opp arealet, og det viser seg å vere om lag dobbelt så stort som
omdisponert areal. Av kjøpekontrakta mellom Sykkylven kommune og Velledalen privatskule AS
punkt 13 særskilde forpliktelsar for kjøpar går det fram at Gnr. 26, bnr 31 snr. 1 skal ha evigvarande
rett til å nytte inntil 145 m2 av Gnr. 26 Bnr. 24 til leikeareal for barnehagen. Retten forutset bruk til
barnehage og opphøyrer ved anna bruk .
Barnehagen har tre framlegg til løysingar på at det er gjerda inn for mykje areal i høve til
omdisponert areal:
1) Barnehagen flyttar alt utstyr og gjerde inn til rett areal. Utstyr som ikkje får plass på arealet
vert flytta til området nedanfor barnehagen.
2) Barnehagen leiger arealet så lenge barnehagen eksisterer til årleg leigepris, td. kan
leigeprisen vere det same som den årlege festeavgifta til Sykkylven kommune på kr. 700,-
3) Barnehagen kjøper arealet frå Velledalen Montessoriskule AS
Alle tre framlegga medfører verdiskaping. Både kjøp og leigeavtale medføre kontantstraum inn til
Velledalen Montessoriskule AS. Ved leigeavtale ønskjer barnehagen at det vert tinglyst festeavtale.
Flytting av gjerde til eigne eigedomsgrenser medfører størst ulempe for barnehagen, men er fullt ut
realistisk å gjennomføre. Velledalen Montessoriskule får då attende sitt areal i opprinneleg stand.
Alle leikeapparat og sandkasse vert flytta.
Vi forventar at vi får til eit godt samarbeid med Velledalen Montessoriskulen, slik at vi kan kome fram
til ei god løysing for begge partar. For barnehagen er det viktig at vi får ordna dette med arealet no,
etter fleire år der eigedomsgrenser og bruk av annan manns eigedom har vore tema i ulike debattar
og fora.

Barnehagen sitt avløpsanlegg:
Barnehagen har pr. i dag godkjent avløpsanlegg. VRF har knytt seg til dette avløpsanlegget
vederlagsfritt og betaler ikkje noko andel av renovasjon/tømming av avløpsanlegg. Det er heller ikkje
kravd andel frå VRF i årleg vedlikehaldskostnader på avløpsanlegget. I 2017 er det betalt kr. 13.700,-
(inkl mva ) i vedlikehald på avløpsanlegget. Petter Velle sa på møtet 10.10.17 at LL Velledalen
Grendahus hadde betalt kr. 10.000,- inn i barnehagen sitt avløpsanlegg i 2009. Vi har gjennomgått
alle rekneskapsbilag med underbilag for 2009 og 2010 og kan ikkje finne noko vedrørande slik
innbetaling/deling av kostnader med LL Velledalen Grendahus.
Eigedomsgrenser til Velledalen IL og eigarane av hytta Gnr 26/63:
Hausten 2011 byrja saka vedr. grensejustering for eigedom 26/63. Sidan styremedlem Petter Velle
hadde forhandla om grunn til veg mm skulle han ta tak i saka og få ordna dei nødvendige papira.
Styret og dagleg leiar har no kontakt med grunneigarane og håper at saka er ferdig før årsskiftet.
Saksomkostningar vert sjølvsagt dekka av barnehagen.
Når det gjeld arealet som Velledalen IL ga frå seg vederlagsfritt til barnehagen då denne vart bygd i
2009 vart det lova at alle formalitetar skulle ordnast av Velledalen Naturbarnehage SA av Petter
Velle og Odd Kåre Fet. Styret og dagleg leiar var ikkje klar over desse avtalane før vi tok kontakt om
skriftleg avtale vedrørande bruken av området frå Kråmyrabygget til ladestasjonen. Tidlegare
styreleiar i Velledalen IL opplyste då at Petter Velle og Odd Kåre Fet skulle orden med skøyte mm for
barnehagen si rekning. Dette har vi no teke tak i, og oppmålingsforretning mm vert rekvirert for
barnehagen.

Barnehagen sin bruk av LL Velledalen Grendahus og betaling for leige:
Barnehageåret 2014/2015 og 2015/2016 betalte barnehagen kr. 10.000,- for sin bruk av storsalen.
Vi hadde i snitt 3 t bruk pr. veke. Før dette betalte vi kr. 5.000,- for ei økt a 1,5 t pr. veke. Når vi
brukar storsalen går vi inn ved hjørneklasserommet og rett inn i trappeoppgangen. Der tek vi av oss
klede og sko og tek på gymsko. Dvs ingen bruk av garderober. Fram til 2015/2016 betalte vi ekstra for
bruk av salen til julefestar mm. Vi nytta ikkje grendahuset til møter i denne perioden. For julefesten
har vi vore fakturert kr. 1.500,-. Vi har då nytta storsal, kjøkkensal, kjøkken og vestibyle.
Ny leigeavtale vart inngått i 2016 for barnehageåret 2016/2017. Styret for LL Grendahus la då fram
eit forslag på kr. 13.200 for bruk av 3,25 t pr. veke. I tillegg hadde vi sama vilkår som skulen at vi
kunne bruken huset til kurs, julefest og møterommet i skuledelen (hjørneklasserommet). Barnehagen
hadde tilbydd seg både dugnad og å møblere møterommet, samt vere med å finansiere prosjektor
og lerret. På dagtid skulle skule og barnehage avtale seg i mellom bruken av møterommet. På
kveldstid måtte dette eventuelt avtalast med styret for grendahuset. Ingen skriftlege avtalar er
inngått vedrørande bruken av møterom, utover det som gjekk fram av leigeavtalen vår.
I august 2017 fekk styret framlagt framlegg til ny leigeavtale . Vi hadde auka brukstida med 45 min pr
veke til 4 t og fekk ei husleigeauke med kr. 12.000 for 45 min auka brukstid. I samråd med
avdelingane på barnehagen gjekk vi gjennom kva vi kom til å nytte av storsalen hausten 2017 og kom
til at vi kunne redusere bruken med 2t. Nytt framlegg til leigeavtale vert motteke der vi no får ei
leige på kr. 12.500,- , som skal samsvare med kvadratmeterprisen som skulen betaler for si leige av
huset. Fri bruk av storsalen til julefest fell bort, og bruk av møterom kan vi sjå på som avbetaling av
konferansemøblane. På spørsmål om leigepris til julefest har vi fått ein pris på kr. 1800,- for storsal +
leige for kjøkken og kjøkkensal kr. 1.100,- , dvs totalt kr. 2.900,- mot tidlegare kr. 1.500,-.
4. oktober hadde vi booka teater, og meininga var at dette skulle spelast i storsalen. På
prisforespurnad fekk vi ein pris på kr. 750,- for ein times bruk av storsalen. Dersom vi inviterte med
oss fleire til å sjå framsyninga vart prisen kr. 1.500,- . Vi avbestilte storsalen og viste
teaterframsyninga på barnehagen. På bakgrunn av signal og tilsvar frå styret i LL Velledalen
Grendahus vedrørande barnehagen sin bruk av storsal og møterom valde styret å hente ut
konferansemøblane og lagre desse.

Når det gjeld bruk av møterom har vi fått pris på kr. 750 pr. møte. Ein del av møta vi har hatt behov
for er i regi av Sykkylven kommune. Vi er i dialog med Sykkylven kommune korleis vi skal få avholdt
framtidige møter med faginstansar, og styret reknar med at dersom dette ikkje løyser vil vi måtte ta
møta på Haugbukta i staden. For barnehagen er dette ikkje noko problem, men det medfører ekstra
utfordringar for dei som har store utfordringar frå før.
Styret vil nemne at dei andre barnehagane nyttar gymsalane ved Vik, Ullavik og Tandstad skule
vederlagsfritt til gymsalaktivitetar og julefestar.
For inneverande år hadde styret budsjettert med kr. 15.000,- i leige til LL Velledalen Grendahus.
Styret har eit budsjett å forhalde seg til og må legge opp aktivitet ut frå kva barnehagen har økonomi
til. Prioriteringar må gjerast til beste for barna til ei kvar tid. Barnehagen har ein solid økonomi, på
grunn av harde prioriteringar, og vi er avhengige av å ha ein buffer for å kunne tole svingningar i
barnetal og uforutsette hendingar.
Sugerør i fellesskapskassa og ytingar til fellesskapen:
Velledalen Naturbarnehage SA har sidan oppstarten i 2009 gjort våre varekjøp ved Joker Velledalen
og Nærbutikken. Lenge hadde vi inga form for rabattar, trass i at dei andre lag og organisasjonane
hadde 5% rabatt. Marianne Urke, som i si tid var butikksjef, ordna rabatt til barnehagen også. I 2016
var det eit ønskje om at vi skulle gå over til storbrukarkort der Norgesgruppa fakturerte oss. Dette
medførte at vi miste dei 5% vi hadde i rabatt. Styret har trass i dette halde fram med å nytte
Nærbutikken. Vi vil opplyse om at vi handlar for om lag kr. 120.000,- årleg. Både Rema 1000 på
Stranda, Bunnpris i Straumgjerde og KIWI på Aure eller Mega Sykkylven kan nyttast i staden for
Nærbutikken, og vi hadde nok oppnådd rabattar der. For barnehagen medfører det ikkje noko
ulempe å handle korkje på Aure eller i Straumgjerde. Personalet hentar like lett varene der som på
Nærbutikken, men vi har vald å støtte lokalbutikken.
Det same gjeld også vedrørande bruken av grendahuset. Barnehagen betaler gjerne leige for bruken,
men leiga må stå i stil til det andre leigetakarar betaler. Vi har hatt to inntektsbringande arrangement
sidan vi starta opp. Begge desse arrangementa betalte vi eiga leige for i tillegg til vanleg årsleige.
Styret synest difor det er urimeleg å få skuldningar om at vi ikkje bidreg til fellesskapet i Velledalen og
at vi har sugerør i felleskapet si kasse.

Formålsparagrafen til barnehagen er klar på kva som er barnehagen si primæroppgåve.
«Samvirkeforetaket skal eige og drive barnehage i Velledalen til det beste for medlemmane , og
aktivitet og utvikling i grenda. Barnehagen skal arbeide for å sikre borna gode aktivtets- og
utviklingsvilkår i nært samarbeid med borna sin heim. Verksmeda skal fremje medlemmane sine
økonomiske interesser gjennom deira deltaking i verksemda som kjøparar av barnehagetenester frå
verksemda. Formålet er ikkje kapitalavkasting til andelseigarane fordi avkastninga vert ståande i
verksemda. Verksemda skal drivast etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter for
barnehageverksemd». Styret er viss på at dei har følgt opp denne formålsparagrafen så godt som det
let seg gjere.


For Velledalen Naturbarnehage SA
Lidvar-Andre Nilsen Jorun Landfastøyen Rausand Lars Even Hatlemark
Styreleiar Nestleiar styremedlem
Cecilie Wågsæther Hole Lene Hjellegjerde
Styremedlem Styremedlem



Publisert: Søndag 29. Oktober 2017 Kl. 10:06
Siste nyhende
Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust
Kvardagar er det flest av, og då vi treng både dagleg brød og godt lag!
Les meir (03.09.2018)
INNKALLING TIL GENERALFORSAMLING i VIB
Onsdag 20.6.18 kl. 19:00
Les meir (05.06.2018)
Annonse

Annonse

Generalforsamling i Velledalen i Balanse
Måndag 4.6 kl. 19:00
Les meir (25.05.2018)
Generalforsamling Velledalen Montessoriskule AS
Tysdag 22.mai
Les meir (20.05.2018)
Kjære Velledaling: Kom mai, du skjønne milde!
Månaden med raudt, kvitt og blått er rett rundt hjørnet, og snart er vakre Velledalen kledd opp att i grønt! Og NærButikken er klar til å møte dine behov for kvardagsmat, festmat, is og drikke. Kva
Les meir (28.04.2018)
Jubileumskonsert
55 og 60 år
Les meir (28.04.2018)
Brøvøllsfestivalen 2018
E du klar?
Les meir (11.04.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 10. april
Les meir (06.04.2018)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Påskelotteri 2018
Vinnarane av korpset sitt påskelotteri
Les meir (24.03.2018)
Påsketreff med Blue Horn Jazzband
Velledalen Grendahus Tysdag 27. mars
Les meir (21.03.2018)
Foreining Velledalen Grendalag
Tysdag 20.mars kl.19.30
Les meir (19.03.2018)
Vann du?
Blide damerVinnarane på loddbøkene til Velledalen Grendalag
Les meir (19.03.2018)
Medlemsskriv VRF
Årmøte måndag 19.mars
Les meir (18.03.2018)
Kunstkafè
ElevarbeidVelledalen Montessoriskule inviterar til kunstkafè
Les meir (16.03.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Årsmøte V.R.F
Måndag 19.03 kl.19.00
Les meir (28.02.2018)
Velledalen Grendalag
Foreining og Basar
Les meir (25.02.2018)
Kjære Velledalen, det går likar no!
Desember vart ein sterk månad, særleg siste veka før jul. Takk til alle som gjorde så mykje av julehandelen på NærButikken!

Januar vart som vanleg meir moderat, men økonomien er heile tida under betring.

Dei foreløpige reknes...
Les meir (25.02.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 9. januar kl. 19.30
Les meir (05.01.2018)
Juledans 5. juledag
Det blir juledans på grendahuset!
Les meir (28.12.2017)
Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag
arkivfotoRomjulsmarsjen har tradisjon heilt tilbake til 1979 i Velledalen IL.
Les meir (23.12.2017)
Kjære Velledaling: Førjulstid i NærButikken!
I denne søte juletid, bør man seg rett fornøye… Slik begynner ein gammal julesalme. Det er også planen på butikken no framover!
Les meir (02.12.2017)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 28. november kl 19.30
Les meir (21.11.2017)
Basarbok-vinnarar
Førjulsmessa Velledalen 2017:
Les meir (21.11.2017)
Trekning av basarbøker
Straumshorn Juniorkorps & Velledalen Skulekorps
Les meir (17.11.2017)
Send handlelista di til Nærmat Velledalen!
Så er du ferdig handla når du kjem...
Les meir (30.10.2017)
Reinseanlegg for avløpsvatn
Informasjon angåande reinseanlegg for avløpsvatnfrå Velledalen Naturbarnehage
Les meir (29.10.2017)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Siste kommentarar





Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no