Navigasjon
Navigasjon
Kjære Velledaling: Førjulstid i NærButikken!

        


I denne søte juletid, bør man seg rett fornøye…

Slik begynner ein gammal julesalme. Det er også planen på butikken no framover!

 

Førstkomande laurdag den 2.desember klokka 15 blir det julegrantenning ute, varmt og koseleg inne og julegløgg og peparkaker. Kanskje blir det ekstra aktivitetar i kafeen? Uansett er det tida for å sette seg ned for ein pause og ein god prat. Har du prøvd maskina som kan meir enn kaffi?

 

Kor det går med økonomien då? Rekneskapsresultatet for perioden september-oktober syner framleis underskot. Men to forhold gir likevel grunn til optimisme: Ein del av underskotet kjem av varelager-oppbygging. Dermed får vi ikkje fram det reelle resultatet før vareteljinga ved nyttår. Elles var omsetninga i oktober heile 43.000 (8%) høgare enn oktober i fjor. Då har altså pila snudd oppover rundt 1.oktober og mykje ligg til rette for god omsetning og stabil framgang!

 

Fleire nye skilt! Det er råd å styre fleire nye kundar innom butikken. Men då må desse få greie på at Velledalen har NærButikk og finne vegen dit. Difor er skilta nedanfor straks klare for montering, og styret har tru på at dette vil gje god effekt.

                             

  

Fire nye tips til deg som er kunde:

·          Husk at du kan bestille kaker!  Er det jubileum eller noko anna som skal feirast:  Eit stort utval kaker frå Bakehuset kan bestillast på NærButikken. Dei er uslåeleg gode!

·          Du kan også spesialbestille varer som ikkje finst i hyllene til vanleg. Ta kontakt med betjeninga om du har spesielle ynskje eller behov!

·          Inviter fleire til å «like» Facebooksida til NærButikken!  Jo fleire vener, jo betre. Særleg ynskjer vi fleire som har hytte på fjellet.

·          Gjer det meste av julemat-innkjøpa på NærButikken!

 

Då vil vi ynskje deg ei lun og triveleg førjulstid!

 

Beste helsing styret i Velledalen i Balanse AS

Sponsa av:

Nils Sigurd Drabløs, Anita Kjersheim, Odd Kåre Fet, Håkon Fedt, Annlaug Grebstad         Oddbjørn Brunstad ( vara)



Publisert: Laurdag 2. Desember 2017 Kl. 22:35

Siste nyhende
Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust
Kvardagar er det flest av, og då vi treng både dagleg brød og godt lag!
Les meir (03.09.2018)
INNKALLING TIL GENERALFORSAMLING i VIB
Onsdag 20.6.18 kl. 19:00
Les meir (05.06.2018)
Annonse

Annonse

Generalforsamling i Velledalen i Balanse
Måndag 4.6 kl. 19:00
Les meir (25.05.2018)
Generalforsamling Velledalen Montessoriskule AS
Tysdag 22.mai
Les meir (20.05.2018)
Kjære Velledaling: Kom mai, du skjønne milde!
Månaden med raudt, kvitt og blått er rett rundt hjørnet, og snart er vakre Velledalen kledd opp att i grønt! Og NærButikken er klar til å møte dine behov for kvardagsmat, festmat, is og drikke. Kva
Les meir (28.04.2018)
Jubileumskonsert
55 og 60 år
Les meir (28.04.2018)
Brøvøllsfestivalen 2018
E du klar?
Les meir (11.04.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 10. april
Les meir (06.04.2018)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Påskelotteri 2018
Vinnarane av korpset sitt påskelotteri
Les meir (24.03.2018)
Påsketreff med Blue Horn Jazzband
Velledalen Grendahus Tysdag 27. mars
Les meir (21.03.2018)
Foreining Velledalen Grendalag
Tysdag 20.mars kl.19.30
Les meir (19.03.2018)
Vann du?
Blide damerVinnarane på loddbøkene til Velledalen Grendalag
Les meir (19.03.2018)
Medlemsskriv VRF
Årmøte måndag 19.mars
Les meir (18.03.2018)
Kunstkafè
ElevarbeidVelledalen Montessoriskule inviterar til kunstkafè
Les meir (16.03.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Årsmøte V.R.F
Måndag 19.03 kl.19.00
Les meir (28.02.2018)
Velledalen Grendalag
Foreining og Basar
Les meir (25.02.2018)
Kjære Velledalen, det går likar no!
Desember vart ein sterk månad, særleg siste veka før jul. Takk til alle som gjorde så mykje av julehandelen på NærButikken!

Januar vart som vanleg meir moderat, men økonomien er heile tida under betring.

Dei foreløpige reknes...
Les meir (25.02.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 9. januar kl. 19.30
Les meir (05.01.2018)
Juledans 5. juledag
Det blir juledans på grendahuset!
Les meir (28.12.2017)
Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag
arkivfotoRomjulsmarsjen har tradisjon heilt tilbake til 1979 i Velledalen IL.
Les meir (23.12.2017)
Kjære Velledaling: Førjulstid i NærButikken!
I denne søte juletid, bør man seg rett fornøye… Slik begynner ein gammal julesalme. Det er også planen på butikken no framover!
Les meir (02.12.2017)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 28. november kl 19.30
Les meir (21.11.2017)
Basarbok-vinnarar
Førjulsmessa Velledalen 2017:
Les meir (21.11.2017)
Trekning av basarbøker
Straumshorn Juniorkorps & Velledalen Skulekorps
Les meir (17.11.2017)
Send handlelista di til Nærmat Velledalen!
Så er du ferdig handla når du kjem...
Les meir (30.10.2017)
Reinseanlegg for avløpsvatn
Informasjon angåande reinseanlegg for avløpsvatnfrå Velledalen Naturbarnehage
Les meir (29.10.2017)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Album
Scena var utleigd frå kulturkontoret
Scena var utleigd frå kulturkontoret
Siste kommentarar





Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no