Navigasjon
Navigasjon
Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust

Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust

Kvardagar er det flest av, og då vi treng både dagleg brød og godt lag!


Kva er status angåande økonomien?

Hittil i år (30.juni) syner rekneskapen eit underskot på 34.000 kroner. Men då må vi i alle fall legge til to ting: Ei vesentleg bonus-utbetaling på omsetninga under Brøvolls-festivalen kom inn i juli. Og så er kostnaden med havari på kjøleanlegget på nærare 100.000 bokført og betalt over drifta. Dermed er det tydeleg at butikken no har ei «underliggande lønsemd» som er veldig lovande! Eit anna barometer på stoda, er at forfalt gjeld til leverandørane no har krympa til nedmot 50.000 kr

 

Ei stor takk til heiderskarane William og Kevin for flott innsats ved Nærbutikken over dei siste par åra. Tida var no inne for at dei skulle skifte beite; den eine i militæret, og den andre som student. Klart vert dette ei sakn for butikken, men kjenner vi dei rett, vil dei støtt og stad vere å sjå i dalen ved helger og feriar.

 

Men ikkje ver redd; ei "nysignering" dukkar opp bak kassa på Nærbutikken, og vil sikre hyggjelege handleturar også i framtida - så her er det berre å følge med!

 

Tusen takk for flott innsats, Kevin og William!

 

·       Noter gjerne laurdag 8. september frå kl. 12: nysteikte vafler i kaféen!

·       NærButikken har no bjørkaved for sal!

·       Bruk den enkle «gratis» panteordninga! Du sparer tid og butikken tener pr. flaske i staden for å tape på grunn av feilsortering!

·       Nytt alle høve til å framsnakke butikken til folk. Saknar du noko angåande drift eller vareutval: Ta det direkte med butikksjef Henning. Han tek alle synspunkt på største alvor!

·       Gjer som karane på bildet: Avtal med laget eller flokken din eit treff i kafèen!

·       Fyll gjerne opp att handlekontoen når du har høve til det!

 

Beste helsing styret i Velledalen i Balanse AS

Nils Sigurd Drabløs, Anita Kjersheim, Odd Kåre Fet, Håkon Fedt, Anne Britt Hammer.           Annlaug Grebstad ( vara ) og Oddbjørn Brunstad ( vara)

                                                                                                          Sponsa av:



Publisert: Måndag 3. September 2018 Kl. 20:00
Siste nyhende
Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust
Kvardagar er det flest av, og då vi treng både dagleg brød og godt lag!
Les meir (03.09.2018)
INNKALLING TIL GENERALFORSAMLING i VIB
Onsdag 20.6.18 kl. 19:00
Les meir (05.06.2018)
Annonse

Annonse

Generalforsamling i Velledalen i Balanse
Måndag 4.6 kl. 19:00
Les meir (25.05.2018)
Generalforsamling Velledalen Montessoriskule AS
Tysdag 22.mai
Les meir (20.05.2018)
Kjære Velledaling: Kom mai, du skjønne milde!
Månaden med raudt, kvitt og blått er rett rundt hjørnet, og snart er vakre Velledalen kledd opp att i grønt! Og NærButikken er klar til å møte dine behov for kvardagsmat, festmat, is og drikke. Kva
Les meir (28.04.2018)
Jubileumskonsert
55 og 60 år
Les meir (28.04.2018)
Brøvøllsfestivalen 2018
E du klar?
Les meir (11.04.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 10. april
Les meir (06.04.2018)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Påskelotteri 2018
Vinnarane av korpset sitt påskelotteri
Les meir (24.03.2018)
Påsketreff med Blue Horn Jazzband
Velledalen Grendahus Tysdag 27. mars
Les meir (21.03.2018)
Foreining Velledalen Grendalag
Tysdag 20.mars kl.19.30
Les meir (19.03.2018)
Vann du?
Blide damerVinnarane på loddbøkene til Velledalen Grendalag
Les meir (19.03.2018)
Medlemsskriv VRF
Årmøte måndag 19.mars
Les meir (18.03.2018)
Kunstkafè
ElevarbeidVelledalen Montessoriskule inviterar til kunstkafè
Les meir (16.03.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Årsmøte V.R.F
Måndag 19.03 kl.19.00
Les meir (28.02.2018)
Velledalen Grendalag
Foreining og Basar
Les meir (25.02.2018)
Kjære Velledalen, det går likar no!
Desember vart ein sterk månad, særleg siste veka før jul. Takk til alle som gjorde så mykje av julehandelen på NærButikken!

Januar vart som vanleg meir moderat, men økonomien er heile tida under betring.

Dei foreløpige reknes...
Les meir (25.02.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 9. januar kl. 19.30
Les meir (05.01.2018)
Juledans 5. juledag
Det blir juledans på grendahuset!
Les meir (28.12.2017)
Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag
arkivfotoRomjulsmarsjen har tradisjon heilt tilbake til 1979 i Velledalen IL.
Les meir (23.12.2017)
Kjære Velledaling: Førjulstid i NærButikken!
I denne søte juletid, bør man seg rett fornøye… Slik begynner ein gammal julesalme. Det er også planen på butikken no framover!
Les meir (02.12.2017)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 28. november kl 19.30
Les meir (21.11.2017)
Basarbok-vinnarar
Førjulsmessa Velledalen 2017:
Les meir (21.11.2017)
Trekning av basarbøker
Straumshorn Juniorkorps & Velledalen Skulekorps
Les meir (17.11.2017)
Send handlelista di til Nærmat Velledalen!
Så er du ferdig handla når du kjem...
Les meir (30.10.2017)
Reinseanlegg for avløpsvatn
Informasjon angåande reinseanlegg for avløpsvatnfrå Velledalen Naturbarnehage
Les meir (29.10.2017)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Siste kommentarar





Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no