Navigasjon
Navigasjon
Velledalen Montessoriskule




www.velledalenmontessoriskule.no


 
Velkomen til oss!

Vi kan tilby;

 - Ein spennande pedagogikk
 - Godkjende undervisninglokaler
 - Gratis frukost og frukt kvar dag 
 - Gratis varm mat kvar torsdag
 - Spennande utvida SFO- tilbod i skuleferiar
 - Gratis skuleskyss
 - Symjing for alle elevane frå 1.-7.klasse
 
  Vi tek inn elevar fram til 1.oktober dersom  vi har ledig plass.
Vi har ikkje skulepengar.
Skuleåret 2017-2018 er vi 58 elevar.
                        

                            For meir info ta kontakt med rektor  Kristin Grebstad   mob. 91522451  /               rektor@velledalenmontessoriskule.no




Velledalen Montessoriskule AS starta opp i august 2012 med 44 elevar, skulen er godkjend for 50 elevar.  I oktober 2012  auka elevtalet til 46 elevar. Det vart søkt om utviding av elevplassar og skulen er no godkjend for 60 elevar. Skuleåret 2017 - 2018 er det 58 elevar + to reserveplassar for elevar som evt. kjem flyttande til Velledalen gjennom skuleåret.
Skulen tilbyr alle elevane gratis frukost mellom 07.45 og 08.30 og SFO er open mellom kl.14.30 - 16.30.

Skuledagen startar kl.08.30 og fyrste økta varer fram til kl.11.00, då er det felles måltid på grendahuset og kvar torsdag får elevane servert eit gratis varmt måltid i regi av FAU.
Elevane har 65 minutt utetid før dei starta på siste økta som varer frå kl. 12.30 - 14.30.
Vi flytta inn i nytt skulebygg 19.august 2013, då var gamle Velledalen skule påbygd og rehabilitert.
Skuleåret 2015 / 2016 har vi 47 elevar.
Elevar i Sykkylven kommune har rett på fri skuleskyss.


Tilsette skuleåret 2017- 2018:
Kristin Grebstad, rektor
Silje Hausvik
Kari Hjorthol
Monica Hole 
Sølvi Kristin Goksøyr
Marit Bratli
Gry Skogvold
Eldbjørg Ebbesvik
Grete-Iren Moen
Tone Lind
Kjartan Grebstad
Sissel K Hauge
Majlene Melendez
Sylvi Bjørneseth



Kontakt:

Rektor:  91522451

SFO:  41233039

Lærarrom: 41233049

Epost: rektor@velledalenmontessoriskule.no

Adresse:
Vallavegen 241
6220 Straumgjerde


Elevar og tilsette 20.august 2012, fyrste skuledagen for Velledalen Montessoriskule AS

Styret ved skulen 2017 / 2018:
Jon Hjortdal, styreleiar
Marianne Strømme
Nils Gunnar Brunstad
Jostein Berge
Sivert Urke


 
Gåver og tilskot til montessoriskulen  Lista vil bli oppdatert
 
Montessoriskulen forklart på ein spanande, enkel og underhaldande måte.



MONTESSORI?

 

Då Sykkylven kommunestyre våren 2010 gjekk inn for at Velledalen skule skulle leggast ned, var årevis med usikkerheit om skulen vår komen til ein ende.

 

Velledalen privatskule hadde søkt om oppstart av privatskule med montessoripedagogikk, og seinhaustes 2010 vart søknaden innvilga. Det var ei lukke. Det er alfa og omega for ei grend at der er skule og barnehage. Kom ikkje og sei noko anna.

 

Men montessori? Kva er det vi skal begi oss ut på med elevane våre? Frå den velkjende og «trygge» offentlege skulen som har vore driven her i Velledalen sidan 1880-åra, og til noko aldeles ukjent!

Ok, tenkte eg, dette må eg vite litt meir om.

 

I siste liten melde eg meg på eit kurs i montessoripedagogikk i Oslo med det same skuleferien begynte i 2010. Eg var ganske lunken til det å begynne å setje meg inn i ein annan pedagogikk etter så mange år med den kjende offentlege læreplanen og pedagogikken. Men 10 dagar med kurs kunne no eg alltids orke.

Det vart 10 intense dagar der vi fekk presentert den praktiske montessoripedagogikken og fekk praktisere sjølve. Det er det mest praktiske kurset eg nokon gong i mitt lange lærarliv (31 år) har hatt. Og det var veldig tiltalande!

 

På 2010-kurset var det språkfag, kulturfag ( samfunnsfag, geografi, naturfag, kunst/handtverk) og kosmiske historier og ekperiment som var pensum.

I montessoripedagogikken baserer ein seg i stor grad på bruk av konkret materiell i den grunnleggjande innlæringa i faga. Faga er svært systematisk og logisk oppbygde, og eleven går ikkje vidare til neste steg i faget før han mestrar det han held på med.

Det var ein så overbevisande tankegang bak måten å undervise på, og eg fekk mange aha-opplevingar gjennom   kurset.   Eg vart veldig fasinert av pedagogikken, og etter meir eg arbeidde med stoffet, vart eg meir og meir interessert. «After all these years»   i det gamle velkjende, så var det også ein veldig inspirasjon og eit «kick»å få lære noko nytt. Så eg bestemte meg for å fullføre kurset, som gjekk ut på å lage arbeidspermar i dei ulike faga med bilete og beskrivelse av alle emna i faga for aldersgruppa 6 -9 år,   samt å lage eit utval av undervisningsmateriell i faga. Det var   mykje arbeid, men det var   inspirerande å halde på med. Viss ikkje, hadde eg ikkje orka å halde fram. Eg hadde også eit svært godt samarbeid med lærarar frå Midsund Montessoriskule, Grytastranda skule og Vike Montessoriskule i prosessen fram til eksamen i haustferien.

 

På kurset møtte eg folk frå heile landet. Fleirtalet av dei kom frå stadar der det var oppretta montessoriskule, eller der dei skulle starte skule på grunn av at den offentlege skulen var nedlagd. Det var veldig interessant og kjekt å møte menneska og høyre kor engasjerte dei var for skulen sin. Eg spurde ein del av dei som hadde vore lærarar i den offentlege skulen, korleis dei likte å undervise i montessoriskule i høve til den offentlege. - Mykje betre, var svaret. Noko anna var ikkje å vente heller, viss ikkje, så hadde dei ikkje vore der. Men dei var overbeviste om at Montessoripedagogikken var eit godt alternativ!

 

Det er hardt arbeidande lærarar som brenn for skulen og pedagogikken.

Når det gjeld den store fridomen som ein meiner at elevane i montessoriskulen har, så er det ei sanning med modifikasjonar. Det vil føre for langt å forklare fridomsbegrepet i montessori-pedagogikken her, men det er eit sentralt begrep i pedagogikken, som inneber noko anna og mykje meir enn det å la elevane få gjere akkurat som dei vil.

 

Til sommaren er det nytt kurs igjen, no med m.a.   matematikk. Det gler eg meg til. Eg veit at i dette faget har montessoripedagogikken mykje godt materiell som gjer innlæringa meir praktisk for elevane.

 

Etter det innblikket eg har fått i montessoripedagogikken så langt, trur eg at med ein privatskule med montessoripedagogikk i Velledalen, vil skulen i Sykkylven få eit godt, alternativt og spennande tilbod i tillegg til den offentlege skulen.

 

 

Kari Hjorthol

 

 


 
 
                                                                                                                                                
 
Høyringsuttale frå FAU og SU ved Velledalen skule (ved leiar Aina Holmberg) i høve høyring om skulestrukturen i Sykkylven kommune. Her
 
Høyringsuttalen frå VIB her
 
Høyringsuttalen frå Velledalen Naturbarnehage her
_________________________________________________________________________________________
 
Våren 2010 vedtok Sykkylven kommunestyre at Velledalen skule skulle nedleggast frå hausten 2012, og at elevane i Velledalen skulle overflyttast til Tandstad skule.

Velledalen Privatskule AS søkte direktoratet om godkjenning for å få etablere privat Montessoriskule, og fekk denne innvilga i desember 2010. 

 

MONTESSORILÆRAR

 

Kan du tenkje deg å bli Montessorilærar / assistent ?

Velledalen Privatskule AS gir stipend til  personar som ynskjer å starte på   montessoriutdanning. Det vert stilt krav om binding til Velledalen Montessoriskule AS.

Ta kontakt med Kristin Grebstad, tlf. 91522451 for meir opplysningar.

 

 

Velledalen - der folk trivst er alt muleg

www.velledalen.net

 
 
Utdanninga
I Noreg er det Montessoriutdanning på to stadar. Det er på Oslo Montessoriskole i Oslo, og på høgskulen i Vestfold. Sistnemnde har den einaste utdanninga som førebels er godkjend som kompetansegjevande. Denne utdanninga går over to år, og er basert på nettstudiar og samlingar. Sjå nettsidene til Norsk Montessoriforbund, utdanning.
 

 
 
Siste nyhende
Kjære Velledaling: Kvardagar mot haust
Kvardagar er det flest av, og då vi treng både dagleg brød og godt lag!
Les meir (03.09.2018)
INNKALLING TIL GENERALFORSAMLING i VIB
Onsdag 20.6.18 kl. 19:00
Les meir (05.06.2018)
Annonse

Annonse

Generalforsamling i Velledalen i Balanse
Måndag 4.6 kl. 19:00
Les meir (25.05.2018)
Generalforsamling Velledalen Montessoriskule AS
Tysdag 22.mai
Les meir (20.05.2018)
Kjære Velledaling: Kom mai, du skjønne milde!
Månaden med raudt, kvitt og blått er rett rundt hjørnet, og snart er vakre Velledalen kledd opp att i grønt! Og NærButikken er klar til å møte dine behov for kvardagsmat, festmat, is og drikke. Kva
Les meir (28.04.2018)
Jubileumskonsert
55 og 60 år
Les meir (28.04.2018)
Brøvøllsfestivalen 2018
E du klar?
Les meir (11.04.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 10. april
Les meir (06.04.2018)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Påskelotteri 2018
Vinnarane av korpset sitt påskelotteri
Les meir (24.03.2018)
Påsketreff med Blue Horn Jazzband
Velledalen Grendahus Tysdag 27. mars
Les meir (21.03.2018)
Foreining Velledalen Grendalag
Tysdag 20.mars kl.19.30
Les meir (19.03.2018)
Vann du?
Blide damerVinnarane på loddbøkene til Velledalen Grendalag
Les meir (19.03.2018)
Medlemsskriv VRF
Årmøte måndag 19.mars
Les meir (18.03.2018)
Kunstkafè
ElevarbeidVelledalen Montessoriskule inviterar til kunstkafè
Les meir (16.03.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Årsmøte V.R.F
Måndag 19.03 kl.19.00
Les meir (28.02.2018)
Velledalen Grendalag
Foreining og Basar
Les meir (25.02.2018)
Kjære Velledalen, det går likar no!
Desember vart ein sterk månad, særleg siste veka før jul. Takk til alle som gjorde så mykje av julehandelen på NærButikken!

Januar vart som vanleg meir moderat, men økonomien er heile tida under betring.

Dei foreløpige reknes...
Les meir (25.02.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 9. januar kl. 19.30
Les meir (05.01.2018)
Juledans 5. juledag
Det blir juledans på grendahuset!
Les meir (28.12.2017)
Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag
arkivfotoRomjulsmarsjen har tradisjon heilt tilbake til 1979 i Velledalen IL.
Les meir (23.12.2017)
Kjære Velledaling: Førjulstid i NærButikken!
I denne søte juletid, bør man seg rett fornøye… Slik begynner ein gammal julesalme. Det er også planen på butikken no framover!
Les meir (02.12.2017)
Foreining i Velledalen Grendalag
Tysdag 28. november kl 19.30
Les meir (21.11.2017)
Basarbok-vinnarar
Førjulsmessa Velledalen 2017:
Les meir (21.11.2017)
Trekning av basarbøker
Straumshorn Juniorkorps & Velledalen Skulekorps
Les meir (17.11.2017)
Send handlelista di til Nærmat Velledalen!
Så er du ferdig handla når du kjem...
Les meir (30.10.2017)
Reinseanlegg for avløpsvatn
Informasjon angåande reinseanlegg for avløpsvatnfrå Velledalen Naturbarnehage
Les meir (29.10.2017)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Siste kommentarar





Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no