Styret i montessoriskulen sendte tidligare i haust ut brev der dei bad om tilskot / gåve til arbeidet med oppstart av skulen.
Pengane har bjynt å kome inn og styret er svær glade for all positiv respons på "tiggarbrevet". Dei har fått mange positive tilbakemeldingar, og det er tydeleg at folk forstår at det kostar mykje pengar å starte opp ein skule. Tilbakemeldingane går og på kor viktig det er at skulen kjem igong og at alt heng ihop med alt i ei grend som Velledalen.
Dei lag og firma som til no har gitt gåve der desse:
Velledalen Grendahus
Kjetil Kvammen
Velledalen i Balanse
Velle Kraft
Tindemat
Velledalen IL
Velledalen skulekorps
Velledalen UL
Norsk Aktivitetssenter AS
Styret håper at endå fleire kjem til på givarlista etter kvart.
Nettsida vil oppdatere lista etter kvart som nye kjem til.
Den vert å finne på Montessoriskulen si side. (i Venstremargen)
Publisert: Tirsdag 18. Oktober 2011 Kl. 20:46