Velledalen - der folk trivst er alt muleg.
"Er Nordangsdalen blitt kaldt dalenes Konge, så må Velledalen uomstridt være deres kronede Dronning"
(Anders D. Heltzen)
Velledalen ligg i Sykkylven kommune og er eit godt utgangspunkt for turar i Sunnmørsalpane.
Velledalen i Balanse AS, grendalaget i dalen, arbeidar saman med mange lag og organisasjoner om å skape bulyst, trivsel og næringsutvikling.
Den store skapargleda og det gode samarbeidet har gong på gong vist at det nyttar.
Velledalingane veit at: - Der folk trivst er alt muleg!
Grenda Velledalen med sine 500 innbyggjarar ligg om lag 15 km frå sentrum i Sykkylven.
I Velledalen Kulturpark finn du grendahus med symjehall, skule naturbarnehage og idrettsanlegg. Innbyggjarane eig både den lokale matbutikken og barnehagen, og i desse dagar er ein i gong med å planleggje oppstart av Velledalen Montessoriskule. Skulen og barnehagen skal verte eit montessorrisenter.
I Velledalen er det mange som driv økologisk jordbruk. Her er store og gode tomter for husbygging, og det er under oppføring boligar for utleige.
Velledalingane er kjent for å vere engasjerte, fulle av skaparglede og kreative.
Dette gir oss mange sosiale treffpunkt gjennom året.
Regndalsfjella frå Brøvoll