Velledalen Naturbarnehage SA er ein
privateigd barnehage som starta opp i oktober 2009. Barnehagen har i dag 47 plassar for barn i
alderen 0-5 år. Barnehagen ligg like ved
Velledalen Montessoriskule AS, grendahus , symjehall og idrettsanlegg.
Barnehagen har 3 avdelingar:
·
Regndalen:
Barn mellom 1-2 år
·
Geita:
Barn mellom 3-4 år
·
Råna (uteavdeling)
Barn mellom 4-5 år
I barnehagen får barna varm mat ein
gong for veka. Dei andre dagane i veka
har vi smørjemåltid på barnehagen. Vi
nyttar og bålpanna og grillen til matlaging.
I tillegg har vi fruktmåltid på ettermddagen. Barnehagen har kostpengar a kr. 250,- pr.
mnd for full plass.
I tillegg tilbyr barnehagen
bleieavtale og votteavtale.
Barnehagen nyttar desse pedagogiske
verktøya i det daglege arbeidet:
«Snakkepakken året
rundt»:
Frå barnehageåret 2012/2013
har barnehagen nytta språkstimuleringsverktøyet
”Snakkepakken året rundt” i staden for dei tradisjonelle
periodeplanane. Vi har kome inn på alle
dei sju fokusområda i rammeplanen
gjennom ulike aktivitetar kvar månad.
Gjennom bruken av snakkepakken vil vi styrke språkferdigheiter hos
barna uansett morsmål. Ved å nyttegjere
seg av dette pedagogiske hjelpemiddelet kan dei vaksne skape motivasjon og
lystprega bruk av språket. Barna får
høve til deltaking på eit tidleg tidspunkt, og dei kan tileigne seg språket på
ein morosam, variert og grundig måte. Målet
med bruken av
«snakkepakken året rundt»
er at barna skal forstå kva andre barn og vaksne seier, uttrykke seg sjølve og
bruke ulike funksjonar av språket som til dømes å spørje, å fortelje og å
informere. I tillegg ynskjer ein at
språket skal bli eit godt reiskap for tanken.
Litt av innhaldet i
Snakkepakken.
«Språkleiken BRAVO»:
I tillegg nyttar barnehagen
språkleiken BRAVO på basane Regndalen og Geita.
Språleiken BRAVO er ein leik som du leikar saman med barna 10-15 min
kvar dag. Målet er å fremje
språkforståinga og auke ordforrådet og samstundes gje barnet motoriske
utfordringar og mestringsopplevingar saman med trygge vaksne. Vi leikar BRAVO fordi vi veit at barn som
lærer tidleg, lærer meir og raskare seinare i livet. Ein slik ekstra tidleg og heilskapleg innsats
kan førebygge lese- og skrivevanskar .
Vi
leikar språkleiken BRAVO i barnehagen
(illustrasjonsfoto
frå
www.bravoleken.no
)
Meir informasjon om språk
leiken BRAVO finn du her:
«Mattekassa»:
Mattekassa gir barn høve
til å utforske matematikk på ein spennande, leikprega og pedagogisk måte. Den gir høve til mange aktivitetar innan fagområdet tal, rom og
form. Materialet eignar seg godt til
barn med spesielle behov og minoritetsspråklege barn. Vil du vite meir kan du gå inn på:
www.mediaped.no
«InPED»:
Aktivitetskort, samtalekort
og spel innan fagområda i Rammeplanen.
InPed gir forslag til over 140 spennande aktivitetar med fagleg tyngde.
20 aktivitetskort til kvar av dei 7 fagområda.
Aktivitetskorta vert nytta av dei vaksne ved planlegging av aktivitetar
knytta til tema og prosjekt mm.
Samtalekort, spel og aktivitetskort medfører bevisstgjering og
refleksjon gjennom konkret og tydeleg praksis.
Etter gjennomført aktivitet
kan personalet nytte baksida av korta som utgangspunkt for vurdering av det
pedagogiske innhaldet og refleksjon rundt eigen praksis. Bruken av korta kan og nyttast som
dokumentasjon av det pedagogiske innhaldet i barnehagen overfor dykk som
foreldre. De finn meir informasjon her:
www.inped.no
IPAD:
Barnehagen har gjennom
minoritetsspråklege midlar og prosjekt i Sykkylven kommune kjøpt inn 3 Stk
Ipad. Vi har fellesinnkjøp av appar til
bruk i barnehagane i Sykkylven. Ipad
vert og nytta ved laging av animasjonsfilmar i barnehagen.
Her er nokre av appane som
barnehagen nyttar:
Førskulegruppe:
I år har vi ei
førskulegruppe på 10 barn. Vi legg vekt
på skuleførebuande oppgåver som begrepstrening (Nyborgmodellen), konsentrasjon
og ikkje minst sosial utvikling.
Dette
møter barna att når dei byrjar i 1. klasse.
Språk og
kommunikasjon:
Begrepslære
,
lydar / bokstavar, eventyr, rim, regler og rytme, fortelje og lytte til andre.
Matematikk:
Begrepslæring, mengde,
form og tal.
Sosial kompetanse:
Empati, konsentrasjon,
vente på tur, følgje reglar og ta i mot beskjedar.
Motoriske ferdigheiter:
Rørslekjensle, romkjensle, finmotorikk
(hand-auge) og grovmotorikk (hoppe, springe, krype, klatre og åle).
Litt av konkreta i Nyborgmodell-kofferten .
Våren
2013 starta vi eit nytt førskuleopplegg for barna som byrjar ved Velledalen
Montessoriskule AS. Ein dag i veka i 10 veker frå kl. 09.30-11.00 er
førskulebarna saman med barna på Gruppe 1 ved skulen. Då vert dei kjende med lærarar og elevar som
dei møter i august. I tillegg vert barna
kjende med montessoripedagogikken.
Evalueringa
så langt tyder på at dette er noko Velledalen Montessoriskule AS vil halde fram
med. Både barn, foreldre, personale ved
barnehagen og skulen er nøgde med dette opplegget.
Våren
2015 vil førskulebarna på barnehagen vere rosaruss for 4. gong. Dette har blitt ein kjekk tradisjon for
førskulebarna på barnehagen, og vi har fått god kontakt med raudrussen i
kommuna. Barna får dåpsattest, rosa
t-skjorter og rosa russehuer, i tillegg til at dei sjølvsagt har eigne
knutereglar for rosarussen. Dette har
blitt ein kjekk tradisjon som både barn, vaksne og raudrussar set pris på.
Rosarussen og
raudrussen våren 2014
Tilsette ved barnehagen
2014/2015:
Torild Hole,
dagleg leiar
Renate Skjortnes,
pedagogisk leiar
Anita Mosby Nakken,
pedagogisk leiar
Carola Herrmann,
pedagogisk leiar
Hege Utgård,
fagarbeidar barne- og
ungdomsarbeid
Kari Bente Bjørkavåg,
fagarbeidar
barne- og ungdomsarbeid
Marianne Strømme,
fagarbeidar barne-
og ungdomsarbeid
Lene Hjellegjerde,
fagarbeidar barne-
og ungdomsarbeid
Linda Kristin Øye,
assistent
Renathe Oldeide,
assistent
Liv Rusten,
styrkingsassistent
Styret ved Velledalen
Naturbarnehage SA 2014/2015:
Lidvar-Andre Nilsen, styreleiar
tlf. 926 20 260
Jorun Landfastøyen Rausand, nestleiar
tlf.
915 66 159
Lene Hjellegjerde, styremedlem
tlf. 984 40 831
Cecilie Hole, styremedlem
tlf. 993 88 136
Lars Even Hatlemark, styremedlem
tlf. 412 27 682
Kontakt:
Dagleg leiar:
478 13 001
Velledalen Naturbarnehage avd:
455 17 817
E-post:
styrar@velledalen-naturbarnehage.no
Adresse:
Vallavegen 251,
6220 Straumgjerde.
|
| ||||||||||||
|
|
||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
Arkiv |