VRF – medlemsskriv – mars
2018
I 2017 spelte barn og ungdom i nedslagsfeltet til VRF sin femte
sesong i FK Sykkylven sine drakter, i lag med jamaldringar frå Hundeidvik IL og
Ikornnes IL. Og det var
femtande sesongen
med FK Sykkylven – avtale mellom VRF og FK Sykkylven signert i januar 2003.
Etter det vi les så har FK Sykkylven yngres og SIL fotball inngått samarbeid om
laga i dei yngste årsklassene.
VRF
har ikkje vore invitert med inn i denne prosessen.
Dalemyra vert
no drifta av eigar-laget Velledalen Idrottslag (VIL). Kråmyrabygget på Dalemyra
er det VRF som driftar, VIL har fått tilbod om å leige lager der og fri bruk av
huset i samband med kioskdrift.
Slettegjerde
er det VRF som driftar, ei stor takk til dugnadsgjengen der med Jens Petter
Søvik og Einar Fet i spissen. Det har sist år vore utført ein del
vedlikehaldsarbeid på området der og håpet vårt er at Slettegjerde skal verte
meir brukt. FK Sykkylven har sagt opp avtalen vi hadde med dei om bruk av
Slettgjerde.
Vi prøver
å få til meir fotballaktivitet i området vårt og har hatt ein aktivitetsdag på
Slettegjerde i haust, dette er noko vi håper å få gjort meir av dette året. I
tillegg har vi hatt fotballtreningar for born i vekene før Ekornes-cup.
V.R.F er
eigar i både Velledalen grendahus og Velledalen Naturbarnehage SA og har vore
representert på generalforsamlingane til begge desse.
Årsmøtet
i år blir
måndag 19. mars kl 19.00 i
kjellarsalen på Velledalen grendahus.
Vel møtt
!
Styret
Publisert: Søndag 18. Mars 2018 Kl. 16:41