Brøvøllsfestivalen 2018
Kjære Velledaling!
Ã…rets festival vert arrangert i Velledalen 29.-30.juni. Styret er godt i gang med
planlegginga, og vi gler oss veldig
J
Først og fremst vil vi gjerne takke for fantastisk innsats under fjorårets 10-årsjubileum! Vi hadde ei utruleg fin helg, og tilbakemeldingane har vore kjempebra. Dette skal dykk ha all æra for; utan alle dugnadstimane dykk har lagt ned, hadde det ikkje vore nokon festival. Fjoråret var eit veldig godt år for oss, sjølv om vi gjekk 30 000 i underskot. Vi ville markere jubileet vårt, og hadde derfor satt av mykje midlar til bruk på show, og elles anna materiale til festivalen. Vi hadde satt av, og budsjetterte med å gå bortimot 50 000 i underskot, men sidan vi kom betre ut av det enn planlagt, sei vi oss likevel godt fornøgd med året økonomisk sett. Publikum responderte godt til markeringa vår, og laurdagskvelden sette vi publikumsrekord med 960 innom grindene, og rundt 900 var innom aktivitetsdagen.
Brøvøllsfestivalen starta opp i 2007 i ein hage på Brøvøll i Velledalen. Den gong med vel 50 besøkande. I 2017 var om lag 2500 personar innom området i løpet av festivalhelga. Festivalen har hatt ein enorm vekst, og vi har fått mykje gode tilbakemeldingar for at vi skaper noko for alle aldersgrupper i løpet av festivalen. Brøvøllsfestivalen har vorte eit av dei største underhaldningsarrangementa som vert arrangert i Sykkylven i løpet av året, og er eit viktig kulturelt samlingspunkt for bygda, og i fjor tok vi imot vi kulturprisen. Juryen la vekt på at festivalen har etablert seg som ein humorfestival for alle, som byggjer lokal identitet og tradisjonar.
Så til årets festival – det var snakka om at fjorårets festival kanskje blei den siste, då fleire av dei dåverande styremedlemmane hadde eit ynskje om å gå nye vegar. Dei 3 som sat att i styret syntest dette var for gale, og la inn ein stor innsats for å finne nye medlemmar. Dette var ingen enkel jobb, men vi sit no med eit styre på 10 personar, derav 7 nye. Dette byr både på utfordringar, samt moglegheiter. Ein del av styret kjem frå andre krinsar, og har ikkje opplevd Brøvøllsfestivalen frå innsida før, men kan kome med nye, friske idear som vi kan ta med oss vidare. Vi set utruleg stor pris på desse nye medlemmane, og gler oss til eit godt samarbeid. Dette gjer også at vi treng minst like god hjelp frå alle dykk i år som tidlegare og håpar dykk stiller på med friskt mot
J
I fjor var det 220(!) frivillige frå alderen 10-75 år, og vi håpar på enda fleir i år! Grendahuset fekk 55.000 med festivalen i fjor sjølv om vi gjekk i underskot, men dette beløpet kunne vi gjerne tenkt oss å justere opp.
Vi set opp vaktlistene sjølve og vi brukar altså lagsmedlemmar og i tillegg set vi opp andre velledalingar som vi håper vil gjere ein innsats for dalen og grendahuset. Vi er heilt avhengige av den velvilja vi møter, og vi set utrulig stor pris på alle som bidreg. Dette er ikkje eit arrangement som nokre få klarer åleine, vi får det til i lag.
Vi har i mange år hatt god kontakt med Nokas, og dei har fått eit nært forhold til festivalen. Dei vil i forkant av festivalen arrangere ein gratis kurskveld, dette set vi stor pris på! Vi vil sende ut meir informasjon når det vert aktuelt.
Elles, så vil vi i styret gjerne ha innspel på gode saker eller prosjekt i dalen som treng økonomisk støtte. Brenn du inne med ein idé, ikkje nøl med å ta kontakt anten på Facebook eller så finn du kontaktinformasjon på
www.brovollsfestivalen.com
Vi håpa du er klar for ein ny festival til sommaren, og tek gjerne i mot ønsker eller tips til saker som kunne forbetrast. For denne festivalen er ikkje styremedlemmane sin, det er heile dalen sin festival, og utan deg som les dette akkurat no hadde det ikkje blitt nokon festival!
Helsing festivalstyret:
Bjørnar Akselvoll Lade, Anne Line Skrede Høidal, Yvonne Kjersheim Johannessen (ny), Martine Rogne (ny), Ingvild Myklebust Klokk (ny), Tonje Torkildsen (ny), Espen Ulset Lade, Robin Urke Brunstad (ny), Sondre Skylstad (ny) og Hanna Olin Bakken (ny).
Publisert: Onsdag 11. April 2018 Kl. 00:41