Månaden med raudt, kvitt og blått er rett rundt hjørnet, og snart er vakre Velledalen kledd opp att i grønt! Og NærButikken er klar til å møte dine behov for kvardagsmat, festmat, is og drikke.
Kva med skulebolle og nybrygga kaffi i godt lag?
Kafè-avdelinga har no fått eiga varmepumpe som sørgjer for triveleg temperatur uansett ver ute!
Elles har du vel oppdaga den nye isdisken?
Butikksjef Henning melder om ein god start på 2018 omsetningsmessig. Ei påske over all forventning med mykje kjende og ukjende fjes. Godt vêr hjalp på. Palme- og påskelaurdag sette solide omsetningsrekordar.
Styret og butikkpersonalet inviterer til stort jubileum: Tysdag 8. mai er butikken heile 20 år!! Vi markerar det med ulike arrangement både på dagen og mot slutten av veka: Musikk, leikar/aktivitetar, kake, spesialtilbod i butikken! –Så følg med!
Få unna tomflaskene! Sjølvbetent gratis-pant er ein suksess. Det utgjer kvar månad mellom 1 og 3 tusen i rein netto til butikken!
Fyll gjerne opp igjen handlekontoen! Innbetalingane på forskot hjelper butikken vidare over kneiken, slik at alle varer blir betalt ved forfall. –Og så sparer butikken mange rentekroner!
Bestill gjerne ei kake til ein av festdagane i mai!
Beste helsing styret i Velledalen i Balanse AS
Nils Sigurd Drabløs, Anita Kjersheim, Odd Kåre Fet, Håkon Fedt, Annlaug Grebstad Oddbjørn Brunstad ( vara)
Publisert: Laurdag 28. April 2018 Kl. 08:47