Care- marsj 18. oktober
Elevar
og tilsette ynskjer å gi eit bidrag til årets aksjon, så fredag 18. oktober kl.1
2.30 vil elevane gå care-marsj.
Dei går då ei løype rundt skulen her, og vi tel
antal rundar dei går. Vi har utfordra nokre bedrifter og organisasjonar til å
betale ein sum pr. runde elevane går.
Til no har vi fått positivt svar frå Sykkylven Energi, Sykkylven Hageservice, Eldsjel og Velledalen grendalag.
Dersom foreldre / besteforeldre eller andre ynskjer
å vere med å gå kostar det minimum 10 kroner pr.runde for dei, og dei kan gå
frå klokka 13.00.
Frå 13.00 – 14.30 har elevane open vaffelkafè i kjøkkesalen
på grendahuset, inntekta av dette går også til TV-aksjonen.
Vi håper mange vil kome innom kafèen og kjøpe seg kaffi og vaflar.
Vi håper på stor innsats i løypa denne dagen
!
Publisert: Torsdag 17. Oktober 2019 Kl. 23:22