Video frå årets festival: https://www.facebook.com/brovollsfestivalen/videos/2259169057715469/
Helga før festivalen starta førebuingane på området, og laurdags morgen sette karane i gang med rigging av teltet.
Resten av veka stilte både frivillige som va oppsett, men også mange andre som
berre ønskte å hjelpe til opp, og det e vi evig takknemlige for. Vi hadde aldri
klart det uten dokke!
Vermeldingane vart overvåka nøye gjennom
heile veka, og under lydprøvene fredag dukka sola opp. Fredagen va det rundt
650 som va vitne til at vår kjære Petter Hole- Drabløs entra scena til Postman
Pat, og posta Brøvølls Ben på sikkert vis til Brøvøllsbanden i Sarpsborg. Det
blei også lokal musikk frå Anette Fet og Marte Foss, samt musikk frå bandet
Loui og Lexus, og Kjartan Lauritzen. Vi e godt fornøgd me den nye vrien vi
gjor i år, og syntes det va spennande å prøve en heil kveld med musikk.
Laurdagen våkna vi til regn, men heldigvis
e de noke vi e vande til, så 8-900 stykke hadde tatt på sej regnklea og møtt
opp til familiedag. Hestane rakk ikkje å stå stille, gravemaskina va i full
sving, og bogne til bogeskytterane var konstant i spenn. Tryllekunstner
Alexander Haugaas levde til forventningane, og leverte et show både store og
små visste å sette pris på.
Himmelen vart heldigvis tom før kvelden
tok fatt, og vi kunne laurdagskvelden ta i mot heile 1100 besøkande.
Konfransier Tommy Steine hadde gjort leksa si og tok publikum med storm.
Christer Torjussen fulgte så opp med mange gode historier, før Alex Rosen både
entra og forlot scena i spektakulær sang. Ut i frå stemninga i teltet kan vi
vel sei at han levde opp til forventningane. Etterpå framførte Lisa Uhlen frå
Ålesund eigne låta, og skapte god stemning i lag med dansera og gitarist. Og
for å toppe kvelden avslutta JoyPops med stemningsfull musikk til et fullt
dansegølv!
Vi hadde ei heilt nydelig helg, og vil
igjen sei tusen tusen takk til alle dokke som stille på og hjelpe, og våre flotte
sponsora som bidreg med økonomisk støtte!
Klem frå Yvonne, Martine, Anette, Silje
Marie, Ingvild, Tonje, Hanna Olin, Anna, Espen og Anne Line
Publisert: Fredag 18. Oktober 2019 Kl. 00:02