Tilbod om datakurs
I samband med utbygging av fiber til heimane i Velledalen, Ramstaddalen og Tynesstranda m/Tandstad vil vi tilby eit grunnleggjande datakurs for nye brukarar.
Seniornett Sykkylven, Frivillighetssentralen og Sykkylven Energi har inngått eit samarbeid. Kurset er gratis. T
idspunkt og møtestad kjem vi attende med.
Samfunnet vårt endrar seg fort og vi trur mange kunne få bedra livskvalitet ved å ta i bruk nettenester. Vi ønskjer å fortelle meir om kva som er mogl
eg, og vi trur mange kan ha stor glede og nytte av å få opplæring. Det er kanskje ikkje så vanskeleg som ein trur, og det kan vere sosialt! Ein treng ikkje å vere spesialist for å ta i bruk nokre av dei viktigaste funksjonane.
For å kartleggje interessa for å delta på eit datakurs og kva behovet for den einskilde er, sender vi no ut ei undersøking. Dersom det er aktuelt for deg, ber vi deg om å fylle ut skjemaet eller melde deg på. Vi trekkjer ut ein vinnar blant dei som svarar innan 6. januar 2020.
Vinnaren får eit nettbrett.
Svaret kan sendast til oss i Haugsetvegen 33, 6230 Sykkylven,
Svaret kan sendast til oss i Haugsetvegen 33, 6230 Sykkylven,
eller til firmapost@sykkylven-energi.no,
eller på telefon 70246300.
1. Nyttar du datamaskin (pc, nettbrett, smarttelefon) i dag?
__ Nei
__ Ja
2. Kva nyttar du datamaskina til?
3. Har du lyst til å nytte datamaskina meir enn i dag?
4. Når tid passer det best å gå på kurs? På dagtid eller på ettermiddagen?
__ PÃ¥ dagtid
__ PÃ¥ ettermiddagen
5. Dersom du kan få datahjelp på dagtid, kva tid passer det best for deg?
6. Fortel oss kven du er (namn), og korleis vi kan kontakte deg (mobil/e-post)?
7. Har du behov for transport til kurset?
Publisert: Tirsdag 7. Januar 2020 Kl. 18:28
Siste nyhende
|
| ||||||||||||
|
|
||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
Arkiv |