Velledalen skule ligg vegg i vegg med grendahuset, og har vore dalen sin barneskule med skuletrinn 1.-7. heilt sidan 1963. I 2010 vedtok politikarane i Sykkylven at skulen skulle nedleggast frå 1.august 2012, og 21.juni 2012 var sist dag med offentleg skule i Velledalen.
Skuleåret 2011/12 var det 41 elevar som gjekk på Velledalen Skule.
Velledalen Montessoriskule AS kjøpte skulen med Sykkylven kommune og tok over bygget 25.juni 2012.
Nokre bileter frå Velledalen skule:
"Hurra! Rektor fylte 60 år her om dagen. Elevane song og overrekte ballongar til jubilanten."
"Siste dagen før vinterferien bruker vi å ha karneval. Då kryr det av prinsesser, hekser, cowboyar, klovnar, gamle damer, fear mm på skulen. Kvar klasse har litt program på sena, etterpå er det marsj og leikar i salen."