Rektor: 91522451
SFO: 41233039
Lærarrom: 41233049

MONTESSORI?
Då Sykkylven kommunestyre våren 2010 gjekk inn for at Velledalen skule skulle leggast ned, var årevis med usikkerheit om skulen vår komen til ein ende.
Velledalen privatskule hadde søkt om oppstart av privatskule med montessoripedagogikk, og seinhaustes 2010 vart søknaden innvilga. Det var ei lukke. Det er alfa og omega for ei grend at der er skule og barnehage. Kom ikkje og sei noko anna.
Men montessori? Kva er det vi skal begi oss ut på med elevane våre? Frå den velkjende og «trygge» offentlege skulen som har vore driven her i Velledalen sidan 1880-åra, og til noko aldeles ukjent!
Ok, tenkte eg, dette må eg vite litt meir om.
I siste liten melde eg meg på eit kurs i montessoripedagogikk i Oslo med det same skuleferien begynte i 2010. Eg var ganske lunken til det å begynne å setje meg inn i ein annan pedagogikk etter så mange år med den kjende offentlege læreplanen og pedagogikken. Men 10 dagar med kurs kunne no eg alltids orke.
Det vart 10 intense dagar der vi fekk presentert den praktiske montessoripedagogikken og fekk praktisere sjølve. Det er det mest praktiske kurset eg nokon gong i mitt lange lærarliv (31 år) har hatt. Og det var veldig tiltalande!
På 2010-kurset var det språkfag, kulturfag ( samfunnsfag, geografi, naturfag, kunst/handtverk) og kosmiske historier og ekperiment som var pensum.
I montessoripedagogikken baserer ein seg i stor grad på bruk av konkret materiell i den grunnleggjande innlæringa i faga. Faga er svært systematisk og logisk oppbygde, og eleven går ikkje vidare til neste steg i faget før han mestrar det han held på med.
Det var ein så overbevisande tankegang bak måten å undervise på, og eg fekk mange aha-opplevingar gjennom kurset. Eg vart veldig fasinert av pedagogikken, og etter meir eg arbeidde med stoffet, vart eg meir og meir interessert. «After all these years» i det gamle velkjende, så var det også ein veldig inspirasjon og eit «kick»å få lære noko nytt. Så eg bestemte meg for å fullføre kurset, som gjekk ut på å lage arbeidspermar i dei ulike faga med bilete og beskrivelse av alle emna i faga for aldersgruppa 6 -9 år, samt å lage eit utval av undervisningsmateriell i faga. Det var mykje arbeid, men det var inspirerande å halde på med. Viss ikkje, hadde eg ikkje orka å halde fram. Eg hadde også eit svært godt samarbeid med lærarar frå Midsund Montessoriskule, Grytastranda skule og Vike Montessoriskule i prosessen fram til eksamen i haustferien.
På kurset møtte eg folk frå heile landet. Fleirtalet av dei kom frå stadar der det var oppretta montessoriskule, eller der dei skulle starte skule på grunn av at den offentlege skulen var nedlagd. Det var veldig interessant og kjekt å møte menneska og høyre kor engasjerte dei var for skulen sin. Eg spurde ein del av dei som hadde vore lærarar i den offentlege skulen, korleis dei likte å undervise i montessoriskule i høve til den offentlege. - Mykje betre, var svaret. Noko anna var ikkje å vente heller, viss ikkje, så hadde dei ikkje vore der. Men dei var overbeviste om at Montessoripedagogikken var eit godt alternativ!
Det er hardt arbeidande lærarar som brenn for skulen og pedagogikken.
Når det gjeld den store fridomen som ein meiner at elevane i montessoriskulen har, så er det ei sanning med modifikasjonar. Det vil føre for langt å forklare fridomsbegrepet i montessori-pedagogikken her, men det er eit sentralt begrep i pedagogikken, som inneber noko anna og mykje meir enn det å la elevane få gjere akkurat som dei vil.
Til sommaren er det nytt kurs igjen, no med m.a. matematikk. Det gler eg meg til. Eg veit at i dette faget har montessoripedagogikken mykje godt materiell som gjer innlæringa meir praktisk for elevane.
Etter det innblikket eg har fått i montessoripedagogikken så langt, trur eg at med ein privatskule med montessoripedagogikk i Velledalen, vil skulen i Sykkylven få eit godt, alternativt og spennande tilbod i tillegg til den offentlege skulen.
Kari Hjorthol


Velledalen Privatskule AS søkte direktoratet om godkjenning for å få etablere privat Montessoriskule, og fekk denne innvilga i desember 2010.
MONTESSORILÆRAR
Kan du tenkje deg å bli Montessorilærar / assistent ?
Velledalen Privatskule AS gir stipend til personar som ynskjer å starte på montessoriutdanning. Det vert stilt krav om binding til Velledalen Montessoriskule AS.
Ta kontakt med Kristin Grebstad, tlf. 91522451 for meir opplysningar.
Velledalen - der folk trivst er alt muleg
|
| ||||||||||||
|
|
||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
Arkiv |